• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    12.12.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5108, HORDVIK
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6472957
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Maskinsjef i ressursgruppa - spennande og variert arbeid i region Vestland

Ferger

Fjord1 har no ei fast stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre samband i region Vestland

 

I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.

Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Høgspentkurs.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

 

    Vi tilbyr:

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Turnus: 2 veke på og 2 veker av
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

     

     

    • Bedrift
      Fjord1 ASA
    • Søknadsfrist
      12.12.2025
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Ansettelsesform
      Fast
    • Bransje
      Ferger
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      5108, HORDVIK
      BERGEN
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      6472957
    • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA