• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5009, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594053
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Maskinsjef i ressursgruppa på hurtigbåtane

Ferger

Fjord1 har no ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre hurtigbåtar.

Som maskinsjef i ressursgruppa vil du tenestegjere om bord på samtlige hurtigbåtar, og vere ein fleksibel ressurs der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og bidra til trygg og stabil drift på tvers av av fleire samband. I første omgang vil hovudtyngda av tenesta vere knytt til samband i Bergen og Stavanger. Stillinga vil og omfatte sambandet Bergen - Sogn/Nordfjord, når Fjord1 overtek drifta der i slutten av 2026. Du må difor rekne med å arbeide på ulike fartøy og i ulike geografiske område i regionen.

Stillinga har fast turnus med to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritidVi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale. 

Som maskinsjef har du ansvar for maskineriet og det tekniske utstyret om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar overvaking, ettersyn, vedlikehald og nødvendige reparasjonar. Du blir ein del av brubesetninga saman med skipsførar og overstyrmann. Det er krav om fargesyn, då stillinga inngår i utkikkfunksjonen om bord.

For å kunne utføre arbeidet må du disponere eigen bil, då du vil tene på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgivar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom bustad og arbeidsstad. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybel i arbeidsperioden.

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • M1sertifikat
  • Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
  • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

    Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
  • Turnus: 2 veker på og 2 veker av.
  • Hybelordning i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5009, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594053
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA