• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5009, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594049
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Skipsførar i ressursgruppa på hurtigbåtane i region Vestland

Ferger

Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i ressursgruppa for våre hurtigbåtar.

Som skipsførar i ressursgruppa vil du tenestegjere om bord på samtlige hurtigbåtar, og vere ein fleksibel ressurs der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og bidra til trygg og stabil drift på tvers av av fleire samband. I første omgang vil hovudtyngda av tenesta vere knytt til samband i Bergen og Stavanger. Stillinga vil og omfatte sambandet Bergen - Sogn/Nordfjord, når Fjord1 overtek drifta der i slutten av 2026. Du må difor rekne med å arbeide på ulike fartøy og i ulike geografiske område i regionen.

Stillinga har fast turnus med to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale. 

For å kunne utføre arbeidet må du disponere eigen bil, då du vil tene på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgivar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom bustad og arbeidsstad. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybel i arbeidsperioden.

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • D1 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
  • Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
  • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlige egenskaper:

Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Turnus: 2 veker på og 2 veker av.
  • Hybelordning i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. 
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    27.04.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5009, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6594049
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA