• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    19.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5211, OS
    BJØRNAFJORDEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6493663
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Maskinsjef Hatvik-Venjaneset

Ferger

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Hatvik-Venjaneset, p.t. MF Årdal. 

MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. 

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får moglegheita til å utvikle deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet. 

På dette sambandet jobbar ein døgnskift. Du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker og deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. 

 

Kun ca 35 minutter fra Bergen!

    Kvalifikasjoner:

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

    Personlige egenskaper:

      Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

    Vi tilbyr:

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Et godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
    • Treningsrom om bord.
    • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
    • Skiftordning: Døgnskift 3 veke på, 3 veke av.
     

    • Company
      Fjord1 ASA
    • Application deadline
      19.01.2026
    • Fulltime/Parttime
      Fulltime
    • Form of employment
      Permanent
    • Industry
      Ferger
    • Educational qualification
      Påkrevet
    • Work experience
      Ønskelig
    • Address
      5211, OS
      BJØRNAFJORDEN
    • Number of positions
      1
    • Career-kode
      6493663
    • Look here for other jobs from Fjord1 ASA