• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    31.12.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6086617
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 09.01.2026
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Maskinoffiser - Open Søknad 

Ferger

Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!

Er du maskinoffiser og ynskjer jobb på ferge? Gjeld både deg som ønskjer å vikariere og deg som er på leit etter fast arbeid/lengre vikariat. Dersom du er ein aktuell kandidat og vi ikkje har ei ledig stilling akkurat no, vil vi lagre søknaden din og ta kontakt dersom det dukker opp ei passande stilling. 

For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:

  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
  •  Legg ved kompetanse og kvalifikasjonar i søknaden

Alle søknadar blir behandla fortløpande.

Kvalifikasjoner:

For å jobbe som maskinoffiser må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:

  • Minimum M3-sertifikat
  • FSE E-læringskurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

Som tilsett i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.

Vi ser fram til å sjå søknaden din!

 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    31.12.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6086617
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 09.01.2026