• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    02.08.2021
  • Sted:
    HORTEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    HORTEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3945570
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Maritim trafikkleiar - Kystverket sin sjøtrafikksentral i Horten

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Innan verksemdsområdet for navigasjonsteknologi og maritime tenester finst fem sjøtrafikksentralar; Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og Vardø . Det er no ledig stilling ved som maritim trafikkleiar ved Horten sjøtrafikksentral. Horten sjøtrafikksentral dekker heile Oslofjordområdet frå svenskegrensa, og har 13 trafikkleiarar i heilkontinuerleg skift. 

Kvalifikasjoner:

  • Ha løyst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
  • Aktuell og allsidig maritim erfaring - gjerne frå utenriks seilas
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og  engelsk
  • Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 månader
  • Krav om sikkerheitsklarering må påreknast

Kandidatar som vert tilsett må bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest

Testar

  • Dato for test: 12. august (Sandvika). Vi følgjer FHI sine anbefalingar mtp pandemisituasjonen og smittevern 
  • Dato for intervju: 17. august (Gardemoen/online). Vi følgjer FHI sine anbefalinger mtp pandemisituasjonen og smittevern
  • Engelsk språktest gjennomførast etter at arbeidspsykologisk test er godkjent

Personlige egenskaper:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
  • Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjersle
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • God sjølvinnsikt

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg. 

    Vi tilbyr:

    • Spennande og til tider utfordrande arbeidsoppgåver
    • Eit aktivt, dynamisk og godt arbeidsmiljø
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse
    • Ferieheimsordning på nokre av Kystverket sine fyr, samt andre gode velferdstiltak
    • Grunnløn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46-56, kr. 422.600-498.800, samt skift-tillegg etter Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket
    • Det er utarbeidd eigne retningsliner for å oppnå og oppretthalde tenestebevis og autorisasjon som maritim trafikkleiar

    Andre opplysningar

    • Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha ca. 28 beredskapsvakter pr år
    • Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar. Opplæringa har to delar:
      • Eit sentralt kurs for å få tenestebevis som maritim trafikkleiar
      • Ei lokal opplæring på sjøtrafikksentralen med årlig repetisjon
      • Begge prøvene må gjennomførast med tilfredsstillande resultat og er eit krav for å kunne arbeide på sjøtrafikksentralen
    • Utstrakt samarbeid med andre offentlege etatar må påreknast
    • Kandidatar må kunne oppgje tre referansar
    • Arbeidsstad for stillinga er for tida Horten

    Vaktplan for Horten sjøtrafikksentral, se link  13 ukers vaktplan Horten 2021

    Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.  Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.  Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

    Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

    I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.   

     

     
    • Bedrift
      Kystverket
    • Søknadsfrist
      02.08.2021
    • Sted:
      HORTEN
    • Stillingstype:
      Heltid
    • Bransje:
      Offentlige tjenester og forvaltning
    • Utdanningskrav:
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring:
      Ønskelig
    • Fylke:
      VESTFOLD OG TELEMARK
    • Arbeidssted:
      HORTEN
    • Antall stillinger:
      1
    • karriere-kode:
      3945570
    • Se her for andre jobber fra Kystverket