Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2021Anställningsform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransch
Konsulenter og frie yrkerUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
IngenAdress
6805, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3456914Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 04.03.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Framtidsfylket AS
Lotteri- og stiftelsestilsynet søker trainee: Kommunikasjon
Konsulenter og frie yrker
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi skal sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Din arbeidsplass blir i kommunikasjon- og strategistaben, saman med tre tilsette.
Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt person som har relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, medievitskap eller liknande. Som trainee i kommunikasjonsstaben vår er det viktig at du samarbeider godt med andre, men også evnar å jobbe sjølvstendig. I løpet av perioden vil du jobbe innan alle dei tre fagfelta til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
-
Innhaldsproduksjon i våre kanalar (nettsider, sosiale medium, intranett, publikasjonar m.m.)
-
Medieovervaking, mediehandtering og pressetelefon
-
Universell utforming, SEO og krav til kvalitet på nett
-
Annonseutforming og profilarbeid
-
Jobbe med klarspråk
-
Brukarundersøkingar og brukartesting
-
Prosjektarbeid
-
Kampanjearbeid
Rådgjeving
Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2021 til august 2022.
Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få:
- Ein spennande jobb som gir ein god start på karriere
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein mentor som følgjer deg opp
- Inngåande kjennskap til frivillig sektor i Norge, samt korleis pengespel og stiftelsar blir regulert
- Godt innblikk i statleg forvaltning
- Eit breitt innsyn i næringslivet i Vestland
- Nettverk med andre traineear–inkludert fire samlingar og ein utanlandstur
Generelle krav til traineear i Framtidsfylket:
- Utdanning på bachelor eller masternivå
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
- Beherske nynorsk og bokmål
Kven er du?
Du brenn for kommunikasjon og ønsker å lære og få erfaring i eit godt fagmiljø. Du tar initiativ og er løysingsorientert. Du har interesse for godt språk, er god på sosiale medium og har interesse for eller erfaring frå mediearbeid.
Kvar skal du jobbe?
Vi held til i moderne lokale midt i Førde sentrum. Her er det trening i arbeidstida, fleksitid, felles kantine og trimrom. Du blir tilsett i august 2021 med løn etter avtale.
Lurer du på noko? Kontakt oss:
Kommunikasjons- og strategidirektør Marie Havnen svarer gjerne på spørsmål, på 41630884.
Les meir om organisasjonen og oppgåvene våre her: https://lottstift.no/om-oss/om- organisasjonen/
Søknadsfrist 15. mars 2021.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2021Anställningsform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransch
Konsulenter og frie yrkerUtbildningskrav
BachelorArbetserfsrenhet
IngenAdress
6805, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3456914Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 04.03.2021