Detaljer

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    27.10.2020
  • Sted:
    HORTEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    HORTEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3220173
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Losformidlarar

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet. 

Den operative lostenesta (driftseininga Lostjenesten) vert leia av losdirektøren, med kontorstad i Ålesund. Lostenesta har omlag 340 tilsette og har ansvar for Kystverket si operative losteneste over heile landet, inkludert Svalbard. Tenesta er organisert i sju losoldermannskap med tilhøyrande losstasjonar. Losformidling går føre seg ved tre formidlingssentralar i høvevis Lødingen, Kvitsøy og Horten.

Lostenesta er ein desentralisert organisasjon og noko reising må påreknast.  

Ved Horten  losformidling har vi ledig ei fast ledig stilling som Losformidlar, samt ei ledig stilling som tilkallingsvikar. Søkar må gi opp kva stilling det blir søkt på.

Arbeidsoppgåver
  • Behandle og formidle losbestillingar.
  • Planlegge og sikre effektiv bruk av lostenesta si vaktstyrke.
  • Kvalitetsikre relevante opplysningar om skip, losoppdrag og andre forhold som kan ha betyding for eit oppdrag.
  • Kvalitetsikre og formidle søknadar om dispensasjon frå losplikt. 
  • Andre oppgåver kan tilleggast stillingane.
Kvalifikasjonar
  • Minimum 3 år vidaregåande skule.
  • Nautisk utdanning og/eller maritim erfaring vil vere ein fordel.  
  • Minimum 3 årig relevant arbeidserfaring.   
  • Bakgrunn frå operativ og servicerettet virksomheit vil vere ein fordel. 
  • Gode munnlege og skriftlege eigenskaper på norsk og engelsk.
  • Gode datakunnskapar. 
  • Det vert stilt krav om sikkerhetsklarering på nivå Hemmelig for den som vert fast tilsatt. 
Personlege eigenskapar
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg.   
  • Strukturert og med gode kommunikasjonsevner.
  • Gode samarbeidsevne.
  • Evne til å optimalisere ressursar gjennom effektiv planlegging.
  • God stresstoleranse og simultankapasitet.
Vi tilbyr
  • Ei stilling i et utviklande og til tider hektisk arbeidsmiljø. 
  • Engasjerte og gode kollegaer. 
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
  • Lønn etter staten sitt lønnsregulativ, Losformidlar, kode 0110 Ltr 38 – 50 frå brutto kr 376500,-  til brutto kr 449.300,- pr år etter kvalifikasjonar.
  • Heilkontinuerleg vaktteneste (24/7/365) etter oppsett vaktplan for losformidlinga. Gjeldande i henhold til Særavtale for losformidlare i Kystverket som deltar i beredskapsordninga.  
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket. 

Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.

Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikke er avslutta.