• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    22.10.2021
  • Sted:
    LØDINGEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    NORDLAND
  • Arbeidssted:
    LØDINGEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4143046
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Losformidlar

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Den operative lostenesta (driftseininga Lostjenesta) vert leia av losdirektøren, med kontorstad i Ålesund.
Lostenesta har omlag 340 tilsette og har ansvar for Kystverket si operative losteneste over heile landet,
inkludert Svalbard. Tenesta er organisert i sju losoldermannskap med tilhøyrande losstasjonar.
Losformidling går føre seg ved tre formidlingssentralar i høvevis Lødingen, Kvitsøy og Horten.

Ved Lødingen losformidling er det ei ledig stilling som heiltid losformidlar, samt ei stilling som tilkallingsvikar losformidlar.

Tiltredelse så snart som mulig.

Arbeidsstad for tida Lostenesta, Losformidlingsavdeling, Lødingen losformidling.

 

Kvalifikasjoner:

3 år vidaregåande skule.
Nautisk utdanning med erfaring som navigatør vil bli føretrekt.
Minimum 3 år relevant arbeidserfaring innan maritim næring eller logistikk.
VHF sertifikat før tiltreding.
Gode norsk og engelsk kunnskaper både muntleg og skriftleg. 
Erfaring frå bruk av IKT.
Det vert stilt krav om at vedkomande må kunne bli sikkerhetsklarert på nivå Hemmelig

 

Personlige egenskaper:

Framtidsretta, engasjert og påliteleg.
Strukturert og gode kommunikasjonsevner.
Gode samarbeidsevner.
Evne til å optimalisere ressursar gjennom effektiv planlegging.
God stresstoleranse og simultankapasitet

Vi tilbyr:

Eit godt arbeidsmiljø.
Konkurransedyktige vilkår.
Turnus/Vaktordningar.
God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
Ei utfordrande stilling med interessante og varierte arbeidsoppgåver.
Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket.

Lønn etter staten sitt lønnsregulativ, Losformidlar, kode 0110 Ltr 38 – 50 frå brutto kr 387.100,- til
brutto kr 461.300,- pr år etter kvalifikasjonar. 
Stillinga inngår i Losformidlinga si heilkontinuerlige vaktteneste (24/7/365) etter oppsett vaktplan. Stillinga inngår i beredskapsordning som godtgjøres etter gjeldende avtaleverk, pt kr 3.300.- pr døgn. Arbeidstakar må kunne stille på sentralen innan 3 timar ved utkall beredskap.

 

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentligheitslova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.


 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    22.10.2021
  • Sted:
    LØDINGEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    NORDLAND
  • Arbeidssted:
    LØDINGEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4143046
  • Se her for andre jobber fra Kystverket