Company
Accountor VossApplication deadline
12.09.2021Position function
LønnskonsulentForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Økonomi, regnskap og revisjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligDesired language
NorskAddress
5700, VOSS
VOSS
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4056807Look here for other jobs from Accountor Voss
- Updated 26.08.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Accountor Voss
LØNNSKONSULENT
Økonomi, regnskap og revisjon
Har du eit godt hovudet for lønn og HR?
Accountor er Nord-Europas største selskap innan økonomi- og rådgjevingstenester. I Norge har me rundt 70 kontorstader. Størrelse har betydning, for me skal være nær kundane våre og investere i deira framtid.
Det er viktig for oss at du trivs på jobben.Accountor Voss AS består av 13 dedikerte medarbeidarar. Våre løysingar lar kundane bruke minst mogeleg tid på rekneskap og løn og mest mogeleg tid på si bedrift. Me gjev kundane våre innsikt i talla og utviklinga i si verksemd. Me søker no etter nokon med erfaring innanfor lønn og HR for slik å kunne styrke vår leveranse av desse tenestene til våre kundar.
Hjelp oss å løfte lønnsteamet til eit nytt nivå.
Med desse kvalifikasjonane er du eit steg framfor:
- Du har nokon års erfaring frå lønnsarbeid og kan lønningar frå A-Å
- Du har gjerne høgskuleutdanning
- Du har gode samarbeidsevner
- Du liker å kommunisere med kundar og å komme med forslag til forbetringar
- Du er resultatorientert, fleksibel og serviceinnstilt
- Du er strukturert og ryddig
- Du har god norskkunnskap både skriftleg og munnleg
Me kan tilby:
- Interessante og utfordrande oppgåver
- Ei sentral og fagleg brei rolle innan lønn og HR
- Sentral rolle i utvikling av våre tenester innanfor lønn og HR
- Opplæring på dei områda der du måtte trenge det
- Gode kollegaer
- Eit godt miljø fagleg og sosialt
- Konkurransedyktige ordningar for løn, pensjon- og forsikring
Me gler oss til å motta din søknad, der me ønsker at du skriv ein kortfatta presentasjon av deg sjølv, din motivasjon for å jobbe hos oss, og kvifor du er den beste kandidaten. I tillegg må du legge ved ein oppdatert og utfyllande CV, snarast og seinast innan 12. september 2021. Søknader vert vurdert fortløpande.
Kontakt vår daglege leiar, Arild Rogde på +47 928 00 848 eller leiar for lønn Ingrid Fadnes på telefon +47 913 65 601 om du har spørsmål til stillinga.
Søknad sendes inn elektronisk. For meir informasjon om Accountor, sjå www.accountor.no
Me i Accountor arbeider med menneske – ikkje berre med tal!
Company
Accountor VossApplication deadline
12.09.2021Position function
LønnskonsulentForm of employment
workTime.HeltidIndustry
Økonomi, regnskap og revisjonEducational qualification
ØnskeligWork experience
ØnskeligDesired language
NorskAddress
5700, VOSS
VOSS
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4056807Look here for other jobs from Accountor Voss
- Updated 26.08.2021