Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Surnadal kommune

Logoped, årsvikariat 50% stilling ved Surnadal barne- og ungdomsskule

Politi, brann og toll

Ved Surnadal barne- og ungdomsskule er det ledig årsvikariat i 50% stilling for logoped skuleåret 2021/2022

 

Vi kan tilby spanande og utfordrande arbeidsoppgåver ved nye Surnadal barne- og ungdomsskule.

Vi søkjer deg som er engasjert og motivert for:

- Utøving av logopediske hjelpetiltak
- Rettleiing til pedagogisk personale
- Å bidra med kunnskap- og kompetanseutvikling for tilsette

 

Kvalifikasjonar og kompetanse:

  • Master i logopedi
  • God rettleiingskompetanse i både individ- og systemretta arbeid 
  • God relasjonskompetanse
  • Utgreiings- og testkompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Er fleksibel og løysingsorientert

 

Det er krav om tilfredsstillande politiattest etter opplæringslova. .Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Førarkort kl.B er ein fordel.

 

Vi tilbyr:

  • Kommunale tilsettingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
  • Variert og interessant arbeid i eit godt arbeidsmiljø