Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
28.05.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5037858Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 29.04.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Austevoll kommune
Logoped
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll kommune har ledig ein 100% fast stilling som logoped.
Arbeidsstad
PP-tenesta har kontorlokaler på Helsehuset i Austevoll kommune. Tenesta har i dag ni tilsette og har eit godt fagmiljø med ungdomslos, logoped, utøvande pegagog for barnehage, rådgjevarar og spesialpedagogar.
Som logoped har du ein variert kvardag og du har stor påverknad på korleis arbeidsdagen din ser ut. I ditt arbeid er det viktig at du er god til å planlegge og disponere tida riktig. Du får møte mange ulike menneske med ulike utfordringar som du skal rettleie og gje bistand til.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Utgreiing og arbeid med menneske som har ulike formar for kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, språk- og talevanskar, afasi, taleflytvanskar og svelgevanskar mm.
- Samarbeid med aktuelle faginstansar og tenester
- Oppgåvene vil vere knytt opp mot gjeldande lovverk
- Bidra med sakskyndigheitsarbeid i PP-tenesta
Kvalifikasjonar
- Kandidatar med mastergrad i logopedi blir prioriterte
- Ved mangel på kvalifiserte kandidatar kan andre utdanningskriteriar vurderast som;
- Til dømes spesialpedagog med tilleggsutdanning i logopedi, lærar med spesialpedagogikk og tilleggsutdanning med fordypning i logopedi
- Ønskeleg med erfaring frå logpedi innan oppvekst- eller helsesektoren
- Ønskeleg med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid i grunnskule eller PPT
- Må ha førarkort kl. B og disponere eigen bil på jobb som blir kompensert med kjøregodtgjørelse
Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søker deg som er fagleg engasjert og likar å arbeida med menneske. Du har evne til god samhandling og til å jobbe tverrfagleg, og i team. Vidare må vår nye kollega:
- Vere sjølvstendig og proaktiv i arbeidet sitt
- Ha god framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
- Vere observant og omgjengeleg
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Gode forsikringsordningar i Gjensidige
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
28.05.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5037858Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 29.04.2023