• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    20.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838134
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Logoped

Offentlig forvaltning

Vil du jobbe i eit unikt tverrfagleg team som gjev helse- og omsorgstenester av høg fagleg kvalitet? Hallinghelse har no ledig 25 % fast stilling som logoped, samt mogelegheit for å starte opp eller vidareføre ein privat praksis kombinert med den faste stillinga.

Som logoped i fast stilling i Hallinghelse vil du jobbe systemretta for å styrke logopedtenesta for helse og omsorg, dette inneber mellom anna rettleiing av personell og pårørande eller undervisning i ulike former.

Arbeidsoppgåver

I den faste stillingsprosenten inngår undervisning, rettleiing av personell og pårørande, utviklingsarbeid og systemretta verksemd for å styrke logopedtenesta for vaksne.

Ein må rekne med køyring for å kunne gje tenester i dei ulike kommunane. Det vil vere mogelegheit for tilknyting til faglege logopedtreff innan oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåvene i privat praksis vil være pasientretta arbeid der det er behov for rehabilitering og opplæring etter sjukdom eller skade, som afasi, dysfagi, dysartri og andre funksjonstap i stemmeapparatet, eller som følge av høyrsletap, nevrodegenerative sjukdommar eller anna. Klientane kjem mellom anna frå kommunehelsetenesta via fastlegar, og frå spesialisthelsetenesta via både Hallingdal sjuketugu, Ringerike sjukehus, Drammen sjukehus og Sunnaas sjukehus i ein tidleg rehabiliteringsfase.

Du har stor moglegheit til å utvikle og påverke stillinga etter eigen erfaring og engasjement.

Kvalifikasjonar

  • logopedutdanning
  • det er ønskjeleg med erfaring innan helse og omsorg

Me søkjer ein person som

  • er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, gjerne erfaring frå undervisning
  • har evne til å jobbe både sjølvstendig og i ulike samarbeidsrelasjonar
  • har engasjement for arbeid som kan styrke kvaliteten på helsetenestene og fagleg utvikling
  • erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • kjennskap til interkommunalt samarbeid
  • er entusiastisk og ansvarsbevisst, og glad i å jobbe både sjølvstendig og i team
  • har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr 

  • ein variert og fleksibel arbeidskvardag
  • eit tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • god barnehagedekning
  • hjelp til å finne bustad
  • hjelp og rettleiing av tidlegare logoped i ein oppstartsfase

Logopeden vil stå fritt i forhold til lokalisering av eige kontor i Hallingdal.

Kontor for den kommunale stillinga vert tilbydd i Hallinghelse sine lokalar, eit interkommunalt og tverrfagleg samarbeidstiltak innan helse og omsorg lokalisert til Torpomoen.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    20.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4838134
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.11.2022