• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    29.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5692519
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Logoped 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.  
 
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.  
 

Om avdelinga:  

Det vert no lyst ut etter logoped i 100% fast stilling, frå 12.08.2024. 

Stillinga er plassert i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med logopedisk rettleiing og oppfylging i barnehage og skule, samtaler med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid. 

Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. BTI er eit viktig satsingsområde, saman med Språkkommunen og Trygg i Fellesskap, TIF. Kontorarbeidsplassen er sentralt Straume og PPT er ute i einingar i heile kommunen. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. 

Arbeidsoppgåver: 
  • Logopedisk rettleiing og rådgiving til føresette, barnehage og skuler  

  • Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskulen 

  • Rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule 

  • Arbeid med utgreiing: Utgreiing av språk og talevanskar, rapportskriving og deltaking i tilbakemeldingsmøter 

  • Utgreiing/sakkunnig vurdering 

  • Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team m.m.  

  • Kontaktansvar for einingar  

Kvalifikasjonar: 
Må ha: 
  • Utdanning - Logoped/master i logopedi 

  • Gode skriftleg framstillingsevne, administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk 

Ønskjeleg med: 
  • Grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn 

Personlege eigenskapar: 
  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysningsorientert 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og godt samarbeid i team 

Anna: 
  • Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta 

  • Stillinga krev gyldig politiattest 

Vi tilbyr: 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • IA-bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt:  

Einingsleiar: Merete Nygård Ingebrigtsen 

merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    29.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5692519
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune