Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
08.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5313895Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 18.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Leirskulelærar / leirskuleinstruktør
Offentlig forvaltning
Høyrast dette spennande ut? Har du lyst til å bli ein av oss? Me synast sjølv me har verdas beste jobb!
Då ein av våre kollegaer skal slutte, samt at vi skal utvide det pedagogiske personalet, er det nå to ledige stillingar som leirskulelærar/ leirskuleinstruktør ved Hallingdal leirskule.
Me har følgjande ledige stillingar
- leirskulelærar 70 - 80% fast – oppstart medio oktober 2023
- leirskuleinstruktør/leirskulelærar 55% -70%, engasjement for skuleåret 2023/2024, med moglegheit for forlenging - oppstart snarast mogleg
Det er moglegheit for tilsetjing i Ål kommune sin vikarpool for grunnskulen for den resterande stillingsstorleiken opp til 100%.
Kvalifikasjonar
- som leirskulelærar søkjer me deg med undervisningskompetanse med friluftsliv i fagkretsen, eller anna relevant utdanning/erfaring
- søkjarar under lærarutdanning vil og kunne bli tilsett
- som leierskuleinstruktør søkjer me deg med allsidig friluftsliverfaring, kunnskap innan orientering og førstehjelp, samt erfaring frå opplæring/undervisning
- for begge stillingane:
- ynskjeleg med instruktørutdanning innan alpinski (nybegynnaropplæring) og/eller klatring
- livredningsprøve i vatn
- gjerne erfaring frå leirskule eller anna organisert friluftsaktivitet for barn i aldersgruppe 10-13 år
Personlege eigenskapar
- trygg, positiv og tydeleg i møte med elevane
- kunnskapsrik og triveleg, og at du bidreg til kollegiet
- fleksibel og god på å finne løysingar på utfordringar som oppstår
- møter elevar og vaksne med eit smil kvar dag
Me tilbyr
- lønn i samsvar med utdanning og gjeldande tariffavtale
- for vekependlarar vil det være mogleg å få fri losji på leirskulen når leirskulen er i drift
- hjelp til å skaffe bustad
- høve til fagleg og personleg utvikling
Andre opplysningar om stillingane
Utearbeid heile året, kveldsarbeid må påreknast. Arbeidet fylgjer skuleåret. Leirskulen har omtrent 28 leirskuleveker per år.
Om det blir tilsett ein instruktør og ein leirskulelærar, eller to leirskulelærarar, vil bli avgjort i løpet av tilsetjingsprosessen. Målet er å setje saman ei personalgruppe som utfyller kvarandre på best mogleg måte.
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- me vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent til fristen med å sende inn søknaden. Skriv kva for stilling du søker på, og når du eventuelt kan starte i jobben
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no)
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
08.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5313895Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 18.08.2023