• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4129292
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Leiar Vedtakskontoret

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tenesteleiar for vedtakskontoret

 

Innhaldet i stillinga:

Kontoret har ansvar for sakshandsaming og tildeling av pleie- og omsorgstenester, samt omsorgsbustadar i Sogndal kommune. Vedtakskontoret har tildelingsansvar for heimebaserte tenester, tilrettelagde bustadar, plassar i institusjon og dagsenter og har eit kompetansemiljø for tenestetildeling og tenesteutvikling. Eininga har i dag 5 årsverk. Som leiar for kontoret vil du møte leiarar og tilsette som stiller krav til kvalitet, engasjement og innsats, men som også legg vekt på å inkludere og ivareta kvarandre. Leiar for kontoret rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og inngår i kommunalsjefen si leiargruppe.

 

Arbeidsoppgåver: 

Leiar er tillagt det overordna faglege, økonomiske og administrative ansvaret for eininga  og skal bidra til kvalitetssikring av tenester i ein kommune på omlag 12 000 innbyggjarar.

  • Fag- og personalleiing av vedtakskontoret innanfor gitte økonomiske rammer
  • Ansvar for forsvarlege saksbehandsamingsprosessar av søknader om helse- og omsorgstenester, det gjelder  kartlegging, vurdering, tildeling og evaluering
  • Sikre føreseieleg og effektiv sakshandsaming, og legge til rette for god koordinering av tenester til menneske med behov for langvarige og samansette hjelpebehov
  • Delta i arbeidet med effektiv ressursstyring, fagleg kvalitet og eit heilskapleg tenestetilbod til kommunens innbyggar gjennom tverrfaglig samarbeid
  • Legge til rette for heilskap i pasient-/ brukarløp samt koordinering av pasientflyt internt i kommunen og i samhandling med spesialisthelsetenesta
  • Arbeide for å vidareutvikle kommunen sine helse- og omsorgstenester for tenestemottakarar i alle aldra


Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med ei formell leiarutdanning
  • Administrativ leiarerfaring og dokumenterte resultat frå leiarstilling
  • Erfaring frå arbeid med endring og omstilling
  • God digital kompetanse
  • God organisasjonsforståing og evne til å handtere kompleksitet

 

Personlege eigenskapar:

Desse eigenskapane vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting

  • Gode leiareigenskapar; ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
  • Har gjennomføringsevne og er resultatorientert

Interesse for sektoren sitt samfunnsoppdrag

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4129292
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Skal du rekruttere?
  1. Opprett bedriftskonto, legg ut ledig jobb
  2. Velg hvor jobben skal være synlig: NAV, Finn.no, Google, Facebook, Instagram ++
  3. Motta og vurder søknader
Les mer på Karriere for bedrifter Legg ut jobbannonse