Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Madsen og Brekke AS

Leiar utvikling

Bemanning og rekruttering

Etne kommune søkjer leiar utvikling

Me søkjer ein dynamisk leiar, med god forståing for samfunnsplanlegging og som har fagleg innsikt på eit eller fleire av tenesteområda. Du vil rapportera til kommunalsjef utvikling og drift og vil arbeida både på strategisk og operativt nivå. 

Du vil jobba med plan- og strategiprosessar og sørgje for at utviklinga til kommunen følgjer den retninga som er satt. Du er god til å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Du vil få ein strategisk, spennande og allsidig leiarstilling innanfor eit breitt fagområde som:

  • Plan/arealplan, byggsak, kart og oppmåling
  • Landbruk og viltforvaltning
  • Prosjekt og utbygging
  • Miljø, energi og klima
  • Folkehelse

Du bør ha erfaring som leiar, god innsikt i økonomi og du kan gjerne ha erfaring frå privat sektor. Me har eit godt arbeidsmiljø med 11 kompetente og engasjerte medarbeidarar med god spredning i alder, kjønn og erfaring, som du vil væra leiar for. Du må kunne kommunisera godt med ulike typar menneske og medverka til samhandling og utvikling på tvers i organisasjonen og bidra til god dialog med innbyggjarar, næringsliv og tilsette. 

I kommunen har me verdiane RAUS, TRYGG og ENGASJERT som ligg i botn for vårt arbeid. 

Kvalifikasjoner:

KVALIFIKASJONAR:

  • Du har relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • For søkare med høg realkompetanse vil krav til formell utdanning kunne vurderast
  • Det er ynskjeleg med relevant leiarerfaring
  • God økonomiforståing og styringskontroll
  • Kunnskap og forståing av relevant lov- og planverk
  • God kjennskap og forståing for digitale løysingar og kontinuerlig forbetring

Personlige egenskaper:

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • God relasjonskompetanse med ein inkluderande leiarstil
  • Evne til å tenkje heilskapleg, framtidsretta og strategisk
  • Strukturert og ha god gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God på samhandling og skapa tillit
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

Vi tilbyr:

ME TILBYR:

  • Ein utfordrande og spennande leiarstilling i ein utviklingsorientert kommune
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit tverrfagleg arbeidsplass med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Kontorstad er tinghuset i Etne, med mogeleg fleksibilitet

 

SØKNADSHANDTERING OG KONTAKTPERSONAR: 

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunalsjef Åsmund Andersen Sekse, tlf. 412 42 571.