Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Leiar rekneskap og løn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Du er velkomen som søkar på ei 100 % fast stilling som einingsleiar rekneskap og løn i Sunnfjord kommune. 

Rekneskap- og løn er ei stabseining i Sunnfjord kommune med om lag 16 årsverk. Eininga har ansvaret for rekneskap for kommunen og 11 andre firma, samt løn og refusjonar for 3 kommunar og 7 andre firma. Rekneskap omfattar også innkrevjing og e-handel. Løn omfattar blant anna lønsgrunnlag, fråvær og refusjonar.

Vi er ute etter søkjarar med relevant høgare utdanning og høg fagleg kompetanse innan rekneskap og lønsområdet samt leiarerfaring.

Du bør òg ha erfaring i å arbeide opp mot kommuneleiinga og ut i organisasjonen, og derfor også ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi forventar at du er:

Ein engasjert leiar som er:

  • oppteken av fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
  • lojal i høve politiske og administrative avgjersler
  • forvaltar fellesskapets ressursar på ein berekraftig måte
  • modig, prioriterer tydeleg, tar avgjerder og utnyttar handlingsrommet sitt.

Ein inkluderande leiar som er:

  • oppteken av brukarane
  • ein god rollemodell med høg etisk standard
  • tydeleg på å kommunisere forventningar, og gir tilbakemelding og ros

Ein nær leiar som:

  • ser den einskilde, motiverer, viser tillit og gjev ansvar
  • er tilgjengeleg og til stades

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.