Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Leiar for tenester i heildøgns omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med og skapa omsorgstenester for framtida?

Kvam herad har ein omsorgsmodell som skal sikra gode og rette tenester til innbyggarane i Kvam. Saman med dette er den statlege kvalitetsreforma "Leve hele livet" retningsgjevande for innsatsen mot eit mer aldersvennleg samfunn innen aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng og overgangar i tenestene.

Pleie og omsorgstenesta i kommunen omfattar omlag 400 tilsette og er organisert i avdelingane: tenester innan heildøgns omsorg, heimebuande og tenester til menneske med utviklingshemming.

Innan heildøgns omsorg er det omlag 95 årsverk som er organisert i fem grupper:

  • Øysteseheimen - langtidsavdelingar for somatikk og for personar med demens
  • Toloheimen - langtidsavdeling for personar med demens
  • Mikkjelsflaten - omsorg- bustader med heildøgns omsorg
  • Tolo omsorg - bustader med heildøgns omsorg
  • Strandebarm omsorg - bustader med heildøgns omsorg

Les meir under om kva som skal til for å bli med i leiarteamet vårt!

Arbeidsoppgåver

  • overordna ansvar for tenestetilbodet i institusjonane og omsorgsbustadane i kommunen
  • vidareutvikla tenesteområdet i tråd med ny omsorgsmodell og nasjonale føringar
  • følgja opp målsetjingar i budsjett, økonomiplan og fagplanar
  • samarbeida tett med gruppeleiarane som har driftsansvar i kvar si gruppe
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement i arbeidet med tenesteutvikling
  • involvera og samarbeida tverrfagleg med andre samarbeidspartar
  • delta i kommunen sitt inntaksteam og i leiargruppa i helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Min. 3 årig sjukepleiarutdanning
  • Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har vidareutdanning innan leiing, t.d. nasjonal helselederutdanning
  • Vidare vert det lagt vekt på relevant leiarerfaring fortrinnsvis frå kommune eller frå helsesektoren
  • Vår nye leiar må ha kunnskap om og god forståing når det gjeld økonomistyring

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein engasjert leiar som er utviklingsorientert og vil vera med og forma tenestetilbodet for framtida

  • Du er målretta, beslutningsdyktig og handlekraftig
  • Du lyttar, involverer og inspirerer dine tilsette
  • Du er oppteken av å byggja kultur for samarbeid og å gjera kvarandre gode
  • Du er oppteken av kontinuerleg forbetring
  • Du har evne til å prioritera mellom oppgåver, arbeider strukturert og systematisk
  • Du viser høg etisk standard

Me tilbyr

  • Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i endring
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla pleie og omsorgstenesta og kvarandre
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i sterke fagmiljø der me er opptekne av å finna løysingar
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.