• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4674455
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Leiar for Sogndalsskulen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du leie utviklinga av skulane i kommunen? 

 

I Sogndal kommune er det ledig 100% stilling som leiar for skulane i kommunen.  

Sogndalsskulen består av 10 skular, der 3 av skulane ligg i oppvekstsenter. Leiar for skule inngår i kommunalsjefen si leiargruppe, og har ansvar for skulane si drift og utvikling. I ansvaret ligg skulane si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Vi søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle skulane spesielt og oppvekstsektoren generelt, til beste for barn og unge som veks opp i Sogndal kommune.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • å vere overordna leiar for si oppvekstteneste 
  • ha resultat, budsjett og personalansvar 
  • utviklings- og kvalitetsarbeid gjennom å følgje opp vedtekne satsingar og prioriteringar 
  • utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver 
  • sikre at vi følgjer relevant lovverk, som t.d. opplæringslova
  • vidareutvikle arenaer og delingskultur for samhandling i sektoren og mellom sektorar 
  • sikre likeverdige og godt samordna tenester med god kvalitet 
  • ta i bruk nye teknologiske løysingar både for å skape god samhandling på tvers i sektoren og for å yte betre tenester 

Kvalifikasjonar 

  • relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule 
  • leiarutdanning og leiarerfaring frå skulesektoren 
  • praktisk erfaring og innsikt i pedagogisk utviklingsarbeid 
  • utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid 
  • gode ferdigheiter i å bruka IKT som arbeidsverktøy  
  • førarkort klasse B 

  

Personlege eigenskapar: 

  • gode kommunikasjonsferdigheiter, kontaktskapande evner, er fagleg trygg, motiverande og har engasjement for barn og unge 
  • erfaring med og kunnskap om tverrfagleg arbeid kring barn og unge 
  • forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid  
  • nysgjerrig 
  • fleksibel og løysingsorientert  

 

Me tilbyr:

  • gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • ein spannande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • lønn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4674455
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.06.2022