• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2021
  • Sted:
    Alver
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Alver
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3972149
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Leiar for gruppetiltak ungdom - 100% fast stilling

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
NAV Alver har ledig stilling som leiar for gruppetiltak i avdeling for ungdom og integrering. Jobbsenteret ligg i heilt nye lokale. No tek vi det i bruk. Det er for mange unge som korkje er i arbeid eller utdanning. Dette vil vi gjere noko med. Som leiar for gruppetiltak vil du ha ansvar for å byggje og vidareutvikle gruppetiltak i samarbeid med kollegane dine i NAV. Vi ynskjer å etablere gode møteplassar mellom arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar. Vi vil at møteplassane skal kjenneteiknast av at deltakar etter møte med NAV skal ha meir energi og større tru på framtida og eigne moglegheiter enn før møtet med NAV. Som leiar for gruppetiltak  har du eit bredt spekter av oppgåver. Du skal i samarbeid med resten av teamet både leie aktuelle gruppetiltak og følgje opp deltakarar. Kontoret er i utvikling og ein må rekne med at oppgåvene kan bli endra.

I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva som motiverer deg til å søkje denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Ha hovudansvar for gruppetiltaka på jobbsenteret
  • Etablere gode møteplassar der deltakarane kjenner dei blir møtt, at dei er undervegs og at vi heiar på dei
  • Du skal kartleggje deltakarane sine ressursar og motivasjon for arbeid og avklare kva bistand deltakaren treng vidare
  • Du vil få tett kontakt med arbeidssøkjarar med rettleiing og motivering av brukarar i ulike livssituasjonar, ungdom som treng bistand for å kome i arbeid og/eller i anna arbeidsretta aktivitet
  • Utarbeide aktivitetsplanar i samarbeid med ungdommane
  • Arbeidsretta oppfølging for ungdom med ulik trong for hjelp frå NAV
  • Utstrakt samarbeid med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar, legar og andre samarbeidspartnarar
  • Sakshandsaming etter gjeldande lovverk

Kompetansekrav

  • Minimum tre års utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan sosialfagleg, samfunnsfagleg eller helsefagleg retning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne 
  • God rettleiiingskompetanse 
  • God kunnskap om arbeidsmarknaden
  • Kjennskap til NAV, regelverk og offentleg forvaltning er ein fordel
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeidsretta brukeroppfølging, gjerne med dokumenterte resultat 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit hos eit mangfald av menneske
  • Du har evne til å få ungdom til å sjå mogelegheiter framfor hindringar
  • Du har motivasjon for arbeidsretta oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar 
  • Du har eit pågangsmot, godt humør og gode kommunikasjonsevner 
  • Du har evne til å arbeide i team, men samtidig kunne ta sjølvstendige avgjersler 
  • Du har evne til å vise fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og vere ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du har evne til å sette seg inn i nye IKT-verktøy og digitale plattformer 

Ved tilsetting legg vi stor vekt på dei personlege eigenskapane som er lista over. 

Vi tilbyr
Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling. Her er det mogeleg å gjere ein skilnad i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kolleger, samt relevant opplæring og gode høve til utvikling. 

  • Fleksitidsordning
  • Løn etter avtale 
  • God pensjonsordning 

Politiattest
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.08.2021
  • Sted:
    Alver
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Alver
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3972149
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune