Company
Kvam HeradApplication deadline
16.08.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6663965Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Helse og omsorg
Leiar for dagaktivitetstilbodOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye leiar?
Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for dette under same leiar. Leiaren får ansvar for å drifta og utvikla alle dagsentera i kommunen.
Dagaktivitetstilbodet har ei nøkkelrolle for at eldre kan bu heima lengst mogleg og for å førebyggja einsemd og passivitet.
Avdeling for personar med utviklingshemming held til på Nordtunet ved Øysteseheimen. Her gjev ein dagaktivitetstilbod til personar som ikkje kan nyttiggjera seg av tilrettelagte arbeidsplassar. Aldersgruppa på Nordtunet er frå omlag frå 20- 70 år. Det er dagaktivitetstilbod for eldre i Ålvik, Øystese og Strandebarm.
Arbeidsoppgåver:
Leiaren må vera tydeleg i sine prioriteringar for åra framover, og det vil verta stilt krav og forventningar til mål og resultat for tenesta. Som leiar skal du sørgja for gode tenester til eldre heimebuande, personar med demens og personar med utviklingshemming. I tillegg vil ein ha rolla som leiar for hukommelsesteamet i heradet. Hukommelseteamet opplever ein auke i tal henvisningar og skal bistå med kartlegging og vurdering iht. mistanke om demens eller annan kognitiv svikt.
Andre oppgåver:
- Ansvar for å organisera pårørandeskule annakvart år.
- Ha god kjennskap til målretta miljøarbeid og korleis ein kan skapa meiningsfulle dagaktivitetar for brukargruppene. Praktisk arbeid i avdelinga må påbereknast ved fråvær eller ved behov.
- Tett samarbeid med heimetenesta og andre samarbeidspartar.
- God dialog med pårørande er sentralt for å skapa ein best mogleg kvardag for brukar.
- Fag- personal og økonomiansvar for tenesta
- Omstilling og endringsarbeid i tråd med heradet sine mål og strategiar (tenesteutvikling)
- Samarbeid med pårørande/ansvarsgrupper
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som vernepleiar (eventuelt sjukepleiar med relevant erfaring og kompetanse.)
- Relevant utdanning og/eller erfaring innan opplæring og undervisning er ein fordel
- Leiarutdanning (t.d. nasjonal helseledarutdanning) eller vilje til å gjennomføra leiarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Me ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar:
Vår nye leiar må vera trygg i faget sitt, og ha god kunnskap om brukargruppene.
Me ynskjer at du:
- Har evne til å motivera, rettleia og engasjera
- Ser ressursane hjå den enkelte brukar, og legg til rette for å oppretthalda desse så lenge det er mogeleg
- Er samlande, tydeleg og trygg
- Har gode og kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Jobbar strukturert og tar ansvar for tildelte oppgåver
- Er fleksibel, lojal og løysingsorientert
- Bidreg til å skapa eit godt og lærerikt arbeidsmiljø og ein positiv kultur
- Jobbar godt både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
Me tilbyr:
- Ei spennande og lærerik teneste med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Stillinga er på dagtid 37,5 t/v, for tida er kontorstaden ved Øysteseheimen
- Løn etter avtale
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
16.08.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Spesiell sertifiseringWork experience
ØnskeligAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6663965Look here for other jobs from Kvam Herad