• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4668141
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Lege og medisinsk fagsjef ved Nordhordland legevakt, 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi har ledig  100 % fast stilling som lege ved Nordhordland legevakt. Stillinga er todelt i ansvar og arbeidsoppgåver, og innebærer 40% stilling som medisinsk fagsjef og 60 % stilling som lege på daglegevakt. 

Om Nordhordland legevakt
Nordhordland legevakt (NHLV) og øyeblikkeleg hjelp døgnsengar (ØHD) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering. Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjartalet i vaktdistriktet er om lag 45.000. Det er normalt 2 legar på vakt, som inntil vidare og har tilsynansvar for ØHD-avdelinga. NHLV er veldreve, med høgt kvalifiserte medarbeidarar. 

Sidan 2020 har det pågått eit arbeid med reorganisering av NHLV.  Det er nyleg tiltrådt ny leiar for NHLV i 100% stilling. For å oppretthalde høg medisinskfagleg standard er det oppretta ei ny 100 % stilling ved legevakta som no lysast ut.

Nordhordland legevakt og ØHD har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av overlegar, vaktlegar, fastlegar og andre legar med hovudstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta og ØHD. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.

Arbeidsoppgåver

I 60% stillinga som lege ved daglegevakt er aktuelle arbeidsoppgåver: 

  • Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta
  • Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
  • Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar

I 40 % stillinga som medisinsk fagsjef vil du ha systemfaglege oppgåver knytt til NHLV og p.t. for ØHD, og rapporterer direkte til leiar for legevakta. Fagsjefen vil ha sjølvstendig uttalerett i medisinskfaglege spørsmål. Fagsjefen vil samarbeide tett med leiar, fagsjukepleiar og øvrig personale ved NHLV. Sentrale oppgåver for fagsjefen vil vere:

  • Gje medisinskfaglege råd til leiinga knytt til organisering, prosedyrar og drift av tenesta
  • Sjølvstendig medisinskfagleg rådgiving til personell ved legevakta
  • Bistå leiar i handsaming av klagar og ved eksterne tilsyn
  • Ta del i fagleg samarbeid internt i kommunen og med eksterne samarbeidspartar   
  • Bidra med faglege oppgåver knytt til opplæring, undervisning, rekruttering, kompetanseplanar m.v. 
  • Bidra i prosjekt-og utviklingsarbeid, beredskapsarbeid, ROS-analysar og handtering av kriser

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 - teneste
  • Interesse, og helst erfaring, frå systemfagleg arbeid
  • Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
  • Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som vert vektlagt

Vi søkjer etter ein lege som har gode kommunikasjonsevner både med pasienter og kolleger. Vi ønskjer at du er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og travel arbeidskvardag. Som lege på legevakten er det viktig at du er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og dei meir vanlege konsultasjonar.  

I stillinga som medisinsk fagsjef er det viktig at du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, og at du har god systemforståing. Vi søkjer ein lege som er god på å byggje relasjonar og som skaper tillit på tvers av faggrupper og profesjonar. Du kommuniserer presist både skriftleg og munnleg, og er god på samhandling. 

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til å påverke utviklinga av legevaktsamarbeidet i regionen
  • Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet
  • Eit svært kompetent og breidt fagmiljø i Helsehuset
  • Gode mulighetar til deltaking i fag - og tenesteutvikling på tvers av fagområde og organisatorisk tilknytning
  • Arbeidstid på dagtid, noko møteverksemd på ettermiddag/kveld må påreknast
  • Løn etter avtale

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4668141
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune