Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
18.05.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3788659Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 05.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Austevoll kommune
Ledige stillingar ved Austevoll Pleie- og Omsorgssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Vikariat ved Austevoll P. O Senter
- Det er ledig eit svangerskapsvikariat i 75 % stilling på spesialavdeling frå 01.06.21. Langvakter kvar 4 helg.
Fast sjukepleiarstilling - Natt
- 47.77% stilling med arbeid 3 kvar helg.
Det er og ledige helgestillingar ved Austevoll Pleie- og omsorgssenter og Austevoll Heimeteneste
Eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
Vi er ein organisasjon i endring, og vi ynskjer arbeidstakarar som er omstillingsdyktige, likar faglege utfordringar, og er god på å samhandle på tvers av avdelingar og profesjonar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidrar på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har, som sikrar at bebuarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
18.05.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3788659Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 05.05.2021