Bedrift
Tokke kommuneSøknadsfrist
05.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3880, DALEN
TOKKE
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
3451594Se her for andre jobber fra Tokke kommune
- Oppdatert 08.02.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Tokke kommune
Ledige stillingar i oppvekstetaten
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Lærarstillingar, faste og vikariat
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.21.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for
alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Søknadsfrist: 5. mars 2021
Sjå fullstendig utlysingstekst her
Barnehagelærar/Pedagogisk leiar, faste og
vikariat
Tokke kommune har moglegvis ledig stillingar, faste og vikariat, som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 15.08.21.
Omfang av stillingar kjenner ein fyrst etter hovudopptaket.
Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).
Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.
Søknadsfrist: 5. mars 2021
Sjå fullstendig utlysingstekst her
Fagarbeidar/assistent i barnehage og skule/SFO
Tokke kommune har moglegvis ledig stillingar, faste og vikariat, som fagarbeidar/assistent frå 01.08.21/15.08.21.Både i barnehage og skule/SFO.
Omfang av stillingane kjenner ein fyrst etter hovudopptaket i barnehagen og søknadsfristen på SFO har gått ut.
Søknadsfrist: 5. mars 2021
Sjå fullstendig utlysingstekst her
100% vikariat som styrar for tida ved Høydalsmo
barnehage frå 15.08.21-01.08.22
Høydalsmo barnehage er ein to avdelings barnehage. Barnehagen skal byggast ny og drifta vil i byggjeperioden vere lokalisert i Lårdal. Det er svært gode vilkår for uteaktivitetar året rundt og godt tilrettelagd nærmiljø.
Satsingsområde i Høydalsmo barnehage er; er leik, venskap og gode relasjonar. Me vil ha fokus på korleis me er saman med andre, og at alle kjenner at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap. Me har jobba med prosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø» og tek fokuset med oss vidare.
Søknadsfrist: 5. mars 2021
Sjå fullstendig utlysingstekst her
Sjå fleire ledige stilingar og elektronisk
søknadsskjema på
www.tokke.kommune.no
Bedrift
Tokke kommuneSøknadsfrist
05.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3880, DALEN
TOKKE
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
3451594Se her for andre jobber fra Tokke kommune
- Oppdatert 08.02.2021