Vacancy

Surnadal kommune

Ledige helgastillingar, engasjement som tilkallingsvikar, engasjement og vikariat som kan bli ledig

Brannvesen

I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige stillingar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og assistentar i ulike deltidsstillingar. Vi har størst behov på helg, men også behov for fleire tilkallingsvikarar.
Det kan også bli behov for tilsetting i kortvarige engasjement og vikariat.

Stillingar på helg passar godt for studentar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning.

Vi søkjer også deg som kan kombinere helgestilling eller det å vere tilkallingsvikar, med anna arbeid. Ei helgestilling kan vere fast eller som engasjement alt etter ønske og/eller kvalifikasjonar.

Ut frå brukarbehov vil vi ha behov for å tilsette menn i nokre stillingar og kvinner i andre.

 

Vi kan tilby:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • studentavlønning
  • trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Du må gjerne ha førarkort kl.B