Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5226681Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 08.06.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Ledige faste stillingar til nytt butiltak, Pollhaugen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ledige stillingar til nytt butiltak, Pollhaugen
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Privat samlokaliserte bustader
Pollhaugen er eit nybygd bustadkompleks der 6 – 8 personar har gått saman og kjøpt eigne bustader. Det er planlagt innflytting i løpet av september 2023. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar. I samband med innflytting vil det vere behov for personal på staden, det er lagt opp til personalbase i bygget.
Om du er aktiv, initiativrik og løysingsorientert treng vi deg!
Pollhagen (Foldnes) ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter.
Vi søkjer følgjande:
Miljøterapeutar: 2 x 80 %
1 x 75 %
Miljøarbeidarar: 1 x 75 %
2 x 65 %
2 x 50 %
3 x 20 % (helg)
3 x 67 % (vaken nattevakt)
Ver vennleg å spesifiser i søknaden din kva stillingar du ønskjer.
Arbeidsoppgåver miljøterapeut:
- Miljøarbeid/dagleg oppfølging
Medisinsk oppfølging - Medikamenthandtering
- Arbeid etter kap.9
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar/sjukepleiar
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver miljøarbeid:
- Miljøarbeid/dagleg oppfølging
- Medikamenthandtering
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev /autorisasjon helsefagarbeidar og barne – og ungdomsarbeidar
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Gjeld for alle stillingane:
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Sertifikat klasse b
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
Personlege eigenskapar:
- Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta
- Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for brukargruppa
- Evne til å byggje relasjonar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:
- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
- Årsplan på 52 veker med ulike arbeidstidsordningar. Turnusen kan innehalde ordinære vakter og vakter inntil 13 timar.
- Stillingane er ledig frå 01.10.2023
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Startlån: Startlån - Øygarden kommune (oygarden.kommune.no)
Kontakt:
Einingsleiar Kristin Straume telefon 99 79 95 26
Ass. einingsleiar Hildegunn Vengen telefon 90 27 28 00
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
21.06.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5226681Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 08.06.2023