Bedrift
Austrheim kommuneSøknadsfrist
01.08.2019Stillingsfunksjon
kommunepsykologAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5943, AUSTRHEIM
AUSTRHEIM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1903287Se her for andre jobber fra Austrheim kommune
- Oppdatert 03.07.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Austrheim kommune
Ledig stilling som kommunepsykolog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Austrheim og Fedje har ledig interkommunal stilling som kommunepsykolog med Austrheim som vertskommune.
Stillinga vart oppretta for to år sidan og vår noverande psykolog har søkt andre utfordringar. Vi søkjer engasjert og
løysingsorientert psykolog til å arbeide i 1. linjetenesta i kommunane.
Opplysninger avdeling
Stillinga er plassert i Avdeling psykisk helse som inngår i helseavdelinga.
Begge kommunane har psykisk helsetenester. I Austrheim er dette ein del av helseavdelinga med avdelingsleiar
som næraste overordna. I Fedje er det ei sjølvstendig eining. Fedje kjøper i tillegg tenestene jordmor, PPT og
barnevern frå Austrheim. Ei av helsesjukepleiarne har fellesstilling mellom Austrheim og Fedje. Vedkomande som får
stillinga som psykolog, vil samarbeide med alle desse i begge kommunane i tillegg til legane.
Stillinga er organisert under helseavdelinga i Austrheim kommune, der Fedje kommune kjøper 20 % av stillinga. Søkjar
må ha sertifikat og bør disponere eigen bil.
Arbeidsoppgåver
Gjennom to år er stillinga godt forankra i det kommunale helsetilbodet. Vi søkjer ein psykolog som ser utfordringa i å
dra dette vidare. Austrheim har starta opp eit lokalt Recovery-prosjekt innan rus og psykiatri ved årsskiftet. Psykologen
vil gå inn i prosjektgruppa her.
Arbeid med unge er eit sentralt område for psykologen. Psykologen er engasjert i arbeidet med å få ned fråfallet i den
vidaregåande skulen. Austrheim har ein vidaregåande skule lokalisert i kommunen. Skulen har mange elevar frå både
Austrheim og Fedje kommunar.
Psykologen vil og bli trekt inn i arbeidet med å ta tak i skulevegrarar i grunnskulane for å førebyggja fråfall i skulen.
Psykologtenesta er ei etablert ordning og forankra i begge kommunane. Psykologstillinga er ein del av det kommunale
helsetilbodet og er forankra inn mot fastlegane og psykiatrisk sjukepleiar.
Ordninga er og forankra inn mot dei ulike samarbeidspartnarane som PPT, jordmor, helsesjukepleiartenesta og
barnevern.
Ei viktig oppgåve er å videreføre rutinar og samarbeid med tenester innan Helse Bergen og spesialisttenesta. Fleire av
kommunane i Nordhordland har kommunepsykolog, slik at det vert høve til å gå inn i nettverk i regionen.
Stillinga vil og innebere eit arbeid med å få til brukarmedverknad i utforminga.
Ein legg vekt på at psykologen vert ein viktig del av det kommunale krisearbeidet.
Ein viktig del av stillinga vil verte knytt opp til rettleiing inn mot grupper av arbeidstakarar/miljøterapeutar rundt ulike
brukarar.
Ansvar / arbeidsoppgåver
Vedkomande som vert tilsett vil mellom anna arbeide med fylgjande:
Tilbodet til barn/ungdom og unge vaksne som står i fare for å utvikle psykiske lidingar eller rusproblematikk
Arbeide inn mot elevar i den vidaregåande skulen og grunnskulen for å førebyggja "utdropping"
Arbeide inn mot flyktningar i begge kommunane
Arbeide inn mot personar i ulike sjukdomsgrupper
Dokumentasjonsarbeid
Arbeid på systemnivå
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og trygg med personlege eigenskaper som høver i arbeidet med målgruppa
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest ved oppstart i stillinga
Informasjon om stillinga
For nærare opplysningar ta kontakt med avdelingsleiar Monika Kvamme på tlf. 918 65 391.
Vi kan tilby
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.
Bedrift
Austrheim kommuneSøknadsfrist
01.08.2019Stillingsfunksjon
kommunepsykologAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5943, AUSTRHEIM
AUSTRHEIM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1903287Se her for andre jobber fra Austrheim kommune
- Oppdatert 03.07.2019