Detaljer

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3497964
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Ledig stilling i psykisk helse og rus

Psykisk helse og rus søkjer etter ny medarbeidar til teamet vårt. Dette er ei spanande stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning. Du får bli med på å vidareutvikle tenesta innan psykisk helse og rus, og vil få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

Me ser etter deg som likar utfordringar og å arbeide tett på brukarane, og som er løysingsorientert og fleksibel. Er du i tillegg nytenkjande, engasjert og sjølvstendig? Då trur me dette er stillinga for deg.

Det er ei 100% stilling, kor ca. 90% er knytt til psykisk helse og rus og ca. 10% er knytt til helg i helse og omsorg. Dagarbeidar, med helg kvar fjerde veke.

Om arbeidsstaden

Psykisk helse og rus. Avdelinga føl opp om lag 60 personar innan psykisk helse og rus. Me gjev individuell oppfølging og gruppetilbod, deltek i kommunalt krisearbeid og har ein rettleiande funksjon inn mot andre tenester i helse og omsorg. Me har tett samarbeid med fastlegane og spesialisthelsetenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar innan psykiatri og rus
  • Rettleiing i grupper og til enkeltpersonar
  • Kommunalt krisearbeid, miljøarbeid og legemiddelansvar
  • Førebyggande arbeid på brukar- og systemnivå
  • Tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, og samarbeid med ulike aktørar både internt og ekstern
  • Rettleiing av anna helsepersonell i kommunen
  • Dokumentasjon, journalføring og utarbeide til dømes kriseplanar, tiltaksplanar og individuelle planar
  • Delta i og drive ansvarsgrupper
  • Utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og kommunens regelverk

Krav til kompetanse

  • Du må vera utdanna sjukepleiar eller vernepleiar. Du må i tillegg ha vidareutdanning i psykisk helsearbeid, og/eller anna relevant vidareutdanning på høgskulenivå
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargrupper og liknande arbeid
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Særskilt gode kommunikasjonsevner og relasjonferdigheiter
  • Vera tydeleg, ansvarsbevisst og strukturert i ein travel kvardag
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ta eigne avgjersler
  • Kunne stå i krevjande situasjonar
  • Vera nytekjande, open for kunnskap og endring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God samarbeidsevne og evne til å sjå heilskap
  • Er audjmjuk og reflektert i samhandling med andre
  • Har eit ynskje om å arbeide med målgruppa

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Rettleiing og oppfølging i arbeidet, både internt og eksternt
  • Ta del i eit lite og godt arbeidsmiljø
  • Får i stor grad styre eigen arbeidskvardag, fleksitid
  • Høve til fagleg utvikling og kurs
  • Vaksdal kommune legg til rette for vidareutdanning og gjev kompetansetillegg for studiepoeng
  • Vera med på å forme tenesta vår for framtida
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Slik søkjer du:

Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, må opprette nytt brukarnamn og passord. 
Har du søkt på stillingar via EasyCruit i Vaksdal før? Då er brukarnamnet e-posten du nytta.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00 eller HR-konsulent på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune eller tlf: 95 52 75 04