Företag
Hardingsmolt ASAnsökningstiden
Så snart som möjligtHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FiskeoppdrettUtbildningskrav
Fag- / SvennebrevArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5620, TØRVIKBYGD
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6485736Se här för andra jobb från Hardingsmolt AS
Frågor riktas till
Marthe Knight
tlf: 47483966
Hardingsmolt AS
Elektrikar/automatikar
Ledig stilling hjå Hardingsmolt til elektriker/automatikerFiskeoppdrett
Me søkjer ein elektriker eller automatiker. Er du ein allsidig, sjølvgåande og løysingsorientert person med god teknisk innsikt? Likar du varierte arbeidsoppgåver og å bidra på fleire område? Då kan du vere den me ser etter!
Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, der me stadig utviklar oss og held oss oppdatert på aktuelle kurs og ny teknologi. Det er også moglegheit for å tre inn i bedriftas vaktordning.
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn, drift og vedlikehald av elektriske- og automasjonssystem på anlegget
- Systematisk og førebyggjande vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
- Oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
- Journalføring, registrering og rapportering av tekniske hendingar og vedlikehald
- Deltaking i større arbeidsoperasjonar og praktisk problemløysing
- Bruk av løfte- og lasteutstyr på anlegget
- Bidra til oppdatering og forbetring av rutinar og prosedyrar
- Vere ein ressurs på tvers av fagområde – typisk altmuligmann-oppgåver som drift, småreparasjonar, feilsøking og støtte til kollegaer
Ønskte kvalifikasjonar:
- Fagbrev som elektrikar eller automatiker
- Erfaring med PLS, HMI og Scada-løysingar
- God kjennskap til parametersetting, idriftsetting og feilsøking på automasjonssystem
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Kjennskap til IT-strukturering og VPN-løysingar for fjerntilkobling er ein fordel
- Erfaring frå driftsteknisk arbeid, gjerne frå oppdrett eller industri
- Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og bidra til utvikling av arbeidsmetodikk
Me tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (AFP og innskot)
- Moglegheit for utvikling og erfaring internt i organisasjonen
- Arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
- Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med fokus på HMS og utvikling
Om Hardingsmolt AS
Hardingsmolt er ein leiande aktør innan produksjon av laksesmolt. Me har 28 tilsette i Tørvikbygd og 7 ved Koløyholmen, og planlegg store investeringar dei neste åra. Me er eigd av Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS og Fremskridt Laks AS, og har eit sterkt fokus på innovasjon og berekraftig utvikling. Anlegget vårt har 10 400 m³ karvolum på land og 24 000 m³ lukka volum i sjø. Me er ei ein utbyggingsfase no og sommaren 2026 utvidar me anlegget vårt på land med ytterlegare 13 800m³.
Spørsmål om stillinga:
Kontaktperson: Marthe Knight. Mobil: 94 17 75 49.
Företag
Hardingsmolt ASAnsökningstiden
Så snart som möjligtHeltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FiskeoppdrettUtbildningskrav
Fag- / SvennebrevArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5620, TØRVIKBYGD
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6485736Se här för andra jobb från Hardingsmolt AS
Frågor riktas till
Marthe Knight
tlf: 47483966
-
Driftsoperatør VA i Balestrand
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Industrimekanikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Driftsoperatør veg- og grøntanlegg
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal