Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
10.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6604573Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Ledig fast stilling og årsvikariat på Dingemoen skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi treng engasjerte og flinke lærarar til Dingemoen skule. Grip sjansen og bli med på laget!
Dingemoen skule i Fjaler kommune har ledig ei 100 % fast stilling og inn til to årsvikariat i 100 % for skuleåret 26/27:
- Ei fast 100 % stilling, med krav om engelsk (60 studiepoeng) og norsk (60 studiepoeng). Stillinga er knytt til 8.–10. trinn.
- Inntil to vikariat i 100 % stilling for skuleåret 2026/2027, frå 1. august til 31. juli. Vikariata er primært på ungdomssteget (8.–10. trinn).
Vi søkjer trygge og motiverte pedagogar med brei fagleg tyngde.
- Fagleg, didaktisk og pedagogisk planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæring.
- Tett samarbeid med elevar, føresette og kollega.
- Samarbeid med interne og eksterne instansar.
- Aktiv deltaking i arbeidet med trygt og godt skulemiljø og inkluderande praksis.
- Kontaktlæraransvar må påreknast.
- Grunnskulelærar 5-10. Grunnskulelærar 1-7 og andre med godkjend pedagogisk utdanning kan òg søkje.
- Gode norskkunnskapar
- Gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk.
- Fag: engelsk 60 stp. og norsk 60 stp. er krav for fast stilling. Elles ynskjeleg med naturfag og K&H.
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling.
- Tydeleg fokus på trygt og godt skulemiljø, tilpassa opplæring og inkluderande praksis.
- Kunne bidra aktivt i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag.
- Godkjend politiattest må leggast fram før tiltreding.
- Høg relasjonskompetanse og evne til å skape tryggleik og tillit.
- Strukturert og har god administrativ forståing.
- Sjølvstendig og løysingsorientert.
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere variert opplæring.
- Gode samarbeidsevner, initiativrik og fleksibel.
Det blir lagt stor vekt på om ein er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr- Løn etter utdanning og ansiennitet.
- Kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 34.000 per år.
- Redusert undervisningsplikt for nyutdanna.
- Noregs beste pensjonsordning i SPK.
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer.
- Vi er opptekne av å legge til rette for rettleiing av nyutdanna.
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å verte unntatt offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
10.05.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6604573Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Rektor Tjeldstø skule
Øygarden kommune
STRAUME -
Lærarjobb i Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Rektor Brattholmen skule
Øygarden kommune
STRAUME -
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
Assisten/fagarbeidar Kvernhushaugen barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL