Bedrift
KystverketSøknadsfrist
24.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3806526Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 24.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kystverket
Lederstøtte og koordinator for kystdirektør
Offentlige tjenester og forvaltning
Kystdirektøren er øvste leiar for Kystverket, og har fullt mål-, resultat- og arbeidsgjevaransvar for verksemda. Leiargruppa består av direktørar for fire verksemdsområde, samt ass. kystdirektør og tre stabsdirektørar.
Vi søker ein progressiv, sjølvstendig og nøyaktig kollega som både yter leiarstøtte og er rådgivar for kystdirektøren.
Arbeidsstad for tida Ålesund
Kvalifikasjoner:
Det er krav om:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
Trygg i bruk av økonomi-, løns- og Office-verkty
Kandidaten må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg
Det er ønskelig at du har:
Arbeidserfaring frå offentleg sektor eller anna relevant arbeidserfaring, gjerne frå departements- eller direktoratsnivå
Samfunnsinnsikt, med interesse for Kystverkets sine ansvarsområde, jf. vår visjon om å bidra til å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste
Personlige egenskaper:
Sterk integritet, både fagleg og relasjonelt
Proaktiv, sjølvstendig og nøyaktig, med sterk gjennomføringskraft
Strukturert og fleksibel, med gode samarbeidsevner og stabilt humør
Trivast med en kombinasjon av faste oppgåver og hektiske periodar prega av tidspress
Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr:
Spanande og utfordrande oppgåver, tett på leiinga, i ei verksemd med betydeleg endringstakt
Dyktige medarbeidarar og godt samarbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med medlemskap i Statens pensjonskasse
Ferieheimsordning for fleire av fyra til Kystverket
Fleksibel arbeidstid
Stillinga er plassert i kode 1434 rådgjevar, ltr.60-66, frå brutto kr 535 200 til brutto kr 597 000 eller 1364 seniorrådgjevar, ltr. 64-76, frå brutto kr 575 600 til brutto kr 726 400.
Anna
Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.
Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.
Bedrift
KystverketSøknadsfrist
24.05.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3806526Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 24.05.2021