• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    19.11.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5432557
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.11.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Landbruksrådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med på å utvikle landbruket i Sogn?

Me ser no etter ein ny landbruksrådgjevar ved avdelinga landbruk og miljø.

Sogndal kommune er ein stor jordbrukskommune med mykje frukt-,  bær- og husdyrproduksjon. Kommunen har over 260 aktive bønder. Me ynskjer ein medarbeidar som kan vera med på å utvikle, forvalte og utnytte landbruksressursane våre. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Forvalting av jordbruksfaglege lover og forskrifter.
  • Forvalting av statlege og regionale tilskotsordningar.
  • Rådgiving og førstelinjeteneste for bønder og innbyggjarar i Sogndal kommune.
  • Prosjekt- og utviklingsarbeid retta mot landbruket i Sogn.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning er ynskjeleg.
  • Erfaring innanfor offentleg forvalting eller landbruksrådgiving er ein fordel.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar: 

  • Me søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre.
  • Du må vere serviceinnstilt, omgjengeleg og trivast i dialog med folk.
  • Du bør vere effektiv og ha eigenskapar som sikrar god framdrift og eit godt fagleg innhald.
  • Du må kunne tileigne deg kunnskap og ha god rolleforståing.

Personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

 

Me tilbyr:

  • Ein god moglegheit til å påverke landbruksnæringa i kommunen.
  • Stor grad av kontakt med innbyggjarane.
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

 

Dersom du har interesse og utdanning innanfor landbruk, ynskjer me at nettopp du sender inn ein søknad til oss. Ta kontakt om du har spørsmål til stillinga. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    19.11.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5432557
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.11.2023