• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    16.10.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782233
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Landbrukskonsulent 50% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 50% stilling som landbrukskonsulent for fast tilsetting. Stillinga er plassert i avdeling for Landbruk og Miljø med mange interessante oppgåver og høy fagleg kompetanse og eit meget godt og trivelig arbeidsmiljø.

Vi søkjer:
Etter en person som vil bidra med ett løsningsfokusert blikk på verden.

Ønska kvalifikasjonar:
• 3 årig vidaregåande skule eller relevant fagkrets, dvs. landbruksskule
• Relevant utdanning frå høgskule/universitet

Arbeidsoppgåver:
Fagkonsulent landbruk og miljø har det daglege ansvaret for individuell rådgjeving, informasjon og forvaltning innanfor resultatområda husdyrbruk og jord- og plantekultur.

Sakshandsaming etter jordlov, beitelov og lov om forpakting (arbeidsdeling med Jordbrukskonsulent på konsesjons- og delingslov), forureiningslov, samt sakshandsaming av statlege høyringsuttaler knytt til forskrifter innan husdyrbruk og jord- og plantekultur.

Forvaltning av saker etter forskrift for nydyrking og areal- og kulturlandskap.

Forvaltning av søknader om produksjonstilskot, avløysartilskot ved ferie og fritid, avløysartilskot ved sjukdom mv og tilskot for avlingstap.

Forvaltning av søknader om BU-midlar til tradisjonelt landbruk, herunder driftsplanlegging, planlegging av tekniske miljøtiltak og ferdiggodkjenning av fullførte tiltak.

Jordprøvetaking, samt utarbeiding av gjødslings- og grøfteplanar.

Halde seg oppdatert i høve til endringar innanfor sitt fagområde og vere rådgjevande og informerande overfor brukarane om dette.

Ta initiativ til utvikling av avdelinga innanfor sitt fagområde.

Fagkonsulent landbruk har ansvaret for at dei oppgåver avdelingsleiar pålegg vert gjennomført.

Vi legg stor vekt på personlige eigenskaper.

Vi ynskjer at du:
• Har god arbeidskapasitet og er serviceinnstilt
• Tek initiativ og leier an når oppgåver skal løysast
• Har god samarbeidsevne og kan arbeide sjølvstendig
• Er løysingsorientert og analytisk
• Har blikk for detaljer, men evne til å sjå detaljane i samanheng med heilhet og vedteke mål

Vi tilbyr:
• Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• Fagleg utvikling og oppdatering
• Lønn etter avtale
• God pensjonsordning
• Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:
• Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk

Anna:
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    16.10.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4782233
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune