Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærling innan helsefagarbeidarfaget

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Austevoll kommune har 3 ledige lærlingplassar innan helsefagarbeidarfaget!

Vi har jobba med lærlingar i mange år, og kan tilby ein spennande arbeidsplass og dyktige, engasjerte rettleiarar. Saman med Opplæringskontoret i Austevoll legg vi opp til at du får framdrift i opplæringa og opplev utfordringar og meistring.

I Austevoll kommune legg vi vekt på eit godt og tilrettelagt læremiljø, der du aldri skal føle at du er på for djupt vatn.

Som lærling hos oss skal du være trygg og sikker på at du er klar for arbeidslivet når du er ferdig!

Du vil følge dei opplæringsmodulane og fagplanane som er godkjent av Utdannings- og forskingsdepartementet for dei respektive fagområda. Som lærling i helsearbeidarfaget arbeidar du skift/turnus.

Arbeidsstad

Som lærling vil du få prøvd deg i ulike einingar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter, Heimetenester og Miljøarbeidartenesta. Du vil få ein plan for praksis gjennom læretida når du byrjar.

Arbeidsoppgåver

  • Å lære deg helsefaget
  • Lære å utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Lære å kartlegge, igangsette, gjennomføre og evaluere tiltak
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester

Kvalifikasjonar

  • Fullført vidaregåande utdanning VG2 helsearbeidarfag, eller
  • Fullført vidaregåande utdanning VG2 (anna yrkesfagleg utdanning), og bestått teoretisk eksamen helsefag VG3-nivå, eller
  • Fullført 3- årig vidaregåande utdanning og bestått teoretisk eksamen helsefag VG3-nivå. 
  • Framandspråklege søkjarar må dokumentera gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Godkjent politiattest hos dei som får læreplass
  • Fråvær og karakterarar vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar med ungdomsrett under 25 år vil bli prioritert

Personlege eigenskapar:

  • Du må lika å arbeida med menneske.
  • Du må vere pliktoppfyllande og til å stola på.
  • Du må vere lærevillig og engasjert i faget.
  • Ikkje vere redd for å spørje om rettleiing.

Vi tilbyr:

  • Variert praksis med tett oppfølging og fagleg rettleiing.
  • Fagleg utvikling i eit inkluderande og fint arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtale

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.