• Company
    Nortura
  • Application deadline
    15.05.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Industry
    Næringsmidler - En gros
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    1262, OSLO
    OSLO
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6172191
  • Look here for other jobs from Nortura
Vacancy

Nortura

Lærling i industrimekanikarfaget

Næringsmidler - En gros

Er du nysgjerrig, positiv og lærevillig? Ønsker du å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og få god opplæring og tett oppfølging? Då kan dette vere stillinga for deg!

Som lærling hos Nortura får du løn i læretida, god opplæring og tett oppfølging. Nortura har eit godt arbeidsmiljø du som lærling blir ein del av. Vi legg til rette for personleg og fagleg oppfølging, og du får moglegheit til å vere med på å forme framtidas matindustri.

Vi jobbar kvar dag for matglede, helse, berekraft og verdiskaping - og vi treng faglært arbeidskraft for å få dette til! Som lærling i industrimekanikarfaget arbeider du med alle typar handverktøy og verktøymaskiner for produksjon og tilpassing av maskinelement - kort sagt er ein industrimekanikar ein allsidig montør og reparatør. Industrimekanikaren tilverkar og tilpassar maskindelar og monterer, vedlikehalde og reparerer maskiner og utstyr. Som industrimekanikar har du kjennskap til hydrauliske, pneumatiske og elektriske styresystem. Arbeidsplassen til industrimekanikaren er både i produksjonslokala og på verkstaden. Som lærling i industrimekanikarfaget blir det stilt krav til at du opparbeider deg ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessane og utstyret som inngår i desse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Bestått Vg1 og Vg2 i relevant fagområde
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Serviceinnstilt, løysingsorientert og lærevillig

Kva kan du forvente?

  • Unik moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg
  • Godt arbeidsmiljø
  • God oppfølging
  • Vere med på å forme framtidas matindustri
 

  • Company
    Nortura
  • Application deadline
    15.05.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Industry
    Næringsmidler - En gros
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    1262, OSLO
    OSLO
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6172191
  • Look here for other jobs from Nortura