Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Lærling barne- og ungdomsarbeidar - Utvida søknadsfrist

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Dersom du ønskjer ein god start innan ditt karrierevalg, søk lærlingplass som barne- og ungdomsarbeidar hjå oss!

 

Hjå oss vil du ta del i, og få opplæring i ordninære arbeidsoppgåver for fagområdet. Du får erfaring med kunnskap om barn og unge. Opplæringa di vert fordelt mellom barnehage, skule og skulefritidsordning (SFO). 

I år har vi ein ledig læreplass innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

 

Askvoll kommune har fire offentlege grunnskular som ligg i ulike deler av kommunen. Askvoll, Bulandet og Gjelsvik har klassetrinn frå 1- 10 skular, medan Atløy har klassetrinn 1- 7.

Elevtalet varierer frå omlag 30 i Bulandet til omlag 200 på Askvoll skule. I tillegg har vi fem barnehagar av ulik storleik, frå 1 til 5 avdelingar, som ligg i ulike deler av kommunen. 

 

Arbeidsoppgåver

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i deneinskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruk av forming, sang, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeid
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bagrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar
  • grensesetting, konfliktløysing og vere ein tydeleg vaksenmodell
  • føring av opplæringsbok

 

Kvalifikasjonar

  • bestått VG1 helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag eller tilsvarande, må leggast fram før signering av lærekontrakt (slutten av juni)
  • god kjennskap til bruk av data
  • må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • politiattest av nyare dato må leggast fram ver tilsetting 

 

Personlege eigenskapar 

  • er engasjert, motivert og interessert i faget, legg ned ein eigeninnsats for å nå måla i tråd med læreplan for faget
  • openheit for ny lærdom, opplæring og rettleiing
  • evne til å jobbe strukturert og målretta
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
  • glede over å bidra til verdiskaping ved å ta del i daglege gjeremål og å utføre oppgåver på sjølvstendig basis

 

Vi tilbyr

  • rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av internopplæring
  • mogelegheit for eigenutvikling og refleksjon
  • trivelege arbeidssplassar med godt lærlingmiljø
  • verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
  • eit arbeidsfellesskap med engasjerte og dyktige kollegaer
  • løn i høve gjeldande tariffavtale
  • gode forsikringsordningar

 

Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

 

 

Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdsomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søskjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert. 

 

Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!