Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stavanger Kommune

Lærer

HAR DU LYST Å JOBBE PÅ EIN SKULE MED ENGASJERTE MEDARBEIDERE OG HØGT FOKUS PÅ LÆRING OG TRIVSEL ? 
Spennande jobb på ein av Stavanger sine utkantskular i naturnære flotte omgivnader på Rennesøy. Vi ønskjer deg velkomen til kjekke og inkluderande medarbeidere i eit godt samarbeidsklima. 
Vikevåg skule ligg på Vikevåg, Rennesøy, i Stavanger kommune. Skulen er ein 1.-7. skule med i underkant av 300 elevar og eit personale på rundt 45 personar. På SFO er det ca. 80 born. 

Satsingsområda for skulen er: Systematikk i begynneropplæringa, samarbeid heim-skule og digital kompetanse.  
Skulen har eiga skulehage i nærleiken der elevane kan utfolde seg gjennom praktiske og varierte aktivitetar på tvers av fag. Her får elevane naturopplevingar og eit fagleg grunnlag knytta til naturressursar, biologisk mangfald og bærekraftig utvikling.  
Vikevåg skule er ein praksisskule for lærarutdanninga på Universitet i Stavanger.
Nyutdanna tilbys veiledning og redusert undervisningsplikt i tråd med sentral avtale.

Vi ønskjer deg velkomen til kjekke og inkluderande medarbeidarar i eit godt samarbeidsklima. 

Vi har behov for ein lærar i fast stilling i 100% omgåande. 

Kvalifikasjoner:

Godkjend lærarutdanning/grunnskulelærar – fortrinnsvis 1.-7.trinn , og undervisningskompetanse i dei faga du skal undervise i. 
Det er i tillegg ønskjeleg at du har Mat & Helse, musikk eller Kunst & Handverk i fagkretsen.
Gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg.
Det er ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter.
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarer med eit skandinavisk språk som morsmål.
Personleg eignetheit vil bli vektlagd.
Det skal framleggjast godkjend politiattest.

Personlige egenskaper:

Du er ansvarsbevisst, engasjert og har gode samarbeidsevner.
Du skapar gode relasjonar til elevar, føresette og kolleger.
Du er ein tydeleg klasseleiar som ser viktigheiten av å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Du er robust, fleksibel og løysingsorientert med stor arbeidskapasitet.
Du kan reflektere over eigen praksis.
Du er positiv og har godt humør.

Vi tilbyr:

Kjempekjekke elevar, eit godt arbeidsmiljø og eit svært inkluderande kollegium.
Ein fin skule med flotte inne og uteområder. 
Eigen skulehage i nærmiljøet som brukes heile året på alle klassetrinn.  
Spennande utfordringar i ein variert arbeidsdag der raushet og fleksibilitet står sterkt.      
Ein skule med høg trivsel hos elevar og vaksne.
Vi er praksisskule for Universitetet i Stavanger. 
Nyutdanna tilbys veiledning og redusert undervisningsplikt i tråd med sentral avtale.

Stillingskode og lønn etter ansiennitet og gjeldande tariffavtale som lærar, adjunkt eller lektor.    
Ansattgoder som kollektivordning Hjem-jobb-hjem, rabatt på treningssenter, svømmehall mm.
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
Vikevåg skule er ein nynorskskule.

Skulen ligg nær busstopp.  

Lærare med undervisningskompetanse på 1.-7.trinn er garantert fast ansettelse i Stavanger kommune.