• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5445314
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 11.11.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Lærer 100% vikariat Vaksenopplæringa

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Vaksenopplæringa har 20 tilsette og er lokalisert sentralt på Straume. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg kompetente medarbeidarar og leiing. Lærarstillinga er knytt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter Integreringslova, og deltakarane er i hovudsak vaksne innvandrarar som treng opplæring frå under A1 nivå til C1 nivå. Vi har også grunnskuleopplæring for vaksne etter Opplæringslova kap 4A-1 og 2.

Arbeidsoppgåver:
  • Opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter Integreringslova
  • Kartlegging og tilpassa opplæring til kvar einskild deltakar
  • Rettleiing og oppfølging av norskplan og integreringsplan
  • Tverrfagleg samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar
  • Arbeidsretta norskopplæring knytt til praksisplassar
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Godkjent lærarutdanning og etterutdanning i norsk som andrespråk
  • Pedagogisk og didaktisk kompetanse og formidlingsevne
  • Evne til å gje strukturert og individuelt tilpassa rettleiing og målretta opplæring i tråd med lovverket som gjeld for den einskilde
  • Samhandlingskompetanse og evne til å arbeide sjølvstendig
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med opplæring av vaksne med eit anna morsmål enn norsk
  • Kunnskap om Integreringslova og Opplæringslova for vaksne, med tilhøyrande læreplanar
  • Anna erfaring eller utdanning knytt til migrasjon og integrering
  • Undervisningskompetanse i eitt eller fleire fag i grunnskulen for vaksne
  • Erfaring som sensor i munnleg kommunikasjon - Norskprøva
Personlege eigenskapar:
  • Må kunne arbeide strukturert, målretta og sjølvstendig, og levere oppgåver innan tidsfristar
  • Gode evner til samarbeid og samhandling, både internt i avdelinga og eksternt i samarbeid med andre einingar som t.d helse, Flyktningtenesta og NAV
  • Må vere ein aktiv relasjonsbyggar og jobbe for eit godt gruppe- og skulemiljø
  • Bidra til å utvikle fagmiljøet, halde seg oppdatert på endringar i gjeldande lovverk og delta aktivt i skuleutviklingsarbeid
  • Evne til raske omstillingar – disponere om oppgåver
  • Eigenskapar som tilfører noko til og passar godt med kollegiet
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Anna:

Ledig frå 01.01. – 30.06.2024. Stillinga er eit vikariat som i utgangspunktet varer fram til sommaren, men den kan verte forlenga dersom kommunen held fram med å busetje eit like stort tal på flyktningar som no.

Vi tilbyr:
  • Meiningsfulle oppgåver knytt til språkopplæring og integrering
  • Eit svært godt fagmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

For spørsmål om stillinga, send e-post til:

Einingsleiar Nina Håvik Pettersen nina.pettersen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5445314
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 11.11.2023