Ledig stilling

Øygarden kommune

Lærer 100% vikariat Toftøy skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om skulen:

Toftøy skule er lokalisert på øya Toftøy nord i Øygarden kommune. Reisevegen frå Bergen er ca 35 minuttar. Skuleåret 2023/2024 har skulen 146 elevar og 24 tilsette. Vår visjon er «Å skape tryggleik og læring kvar dag for alle». Skulen har nynorsk som målform.

Arbeidsoppgåver:
  • Undervise på mellomtrinnet
  • Kontaktlærar
  • Aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar:
  • Godkjent pedagogisk lærarutdanning for å undervise i grunnskulen
  • God kompetanse innan klasseleiing
  • Gode digitale ferdigheiter
Vi ønsker ein lærar som:
  • Er god og tydeleg klasseleiar
  • Er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Er positiv og engasjert
  • Er god på relasjonar.
Anna:
  • Ledig frå: 01.01.2024
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Ein inkluderande arbeidsplass med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling