Ledig stilling

Surnadal kommune

Læreplassar med oppstart i 2026: Helsefag og Barne- og ungdomsarbeid

Brannvesen

Surnadal kommune skal ta inn ny lærlingar med oppstart hausten 2026.

Vil skal tilsette lærlingar i Helsefag og i BUA-faget.

Helsefag:
Du må ha bestått vg1 Helse og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfaget.

Om du har gått ambulansefag blir læretida 6 månader lenger.

Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Kontaktperson er lærlingekoordinator Ingunn Mikkelsen, tlf 95183310, epost: ingunn.mikkelsen@surnadal.kommune.no 

Barne- og ungdomsarbeidar:

Du må ha bestått vg1 Helse- og oppvekstfag og vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Kontaktperson: Kenneth Bergstad, tlf 93061792, epost:
kenneth.bergstad@surnadal.kommune.no 

Fagarbeidaren er ein viktig person i brukarane sin kvardag og ein sentral medarbeidar i kommunen sitt tenestetilbod.

Difor ser vi etter deg som:

- har som mål å fullføre læretida og avlegge fagprøve

- som er motivert for yrket og viser at du er engasjert

Gode norskkunnskapar- og ferdigheiter både muntleg og skriftleg er viktig med tanke på god dialog og kommunikasjon og for å kunne dokumentere i jobben som fagarbeidar.

Vi kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
  • Motiverte veiledarar
  • Variert opplæring
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Vi held samtalar med kvalifiserte søkarar.