Company
Kvam HeradApplication deadline
15.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
Ikke påkrevetAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505981Look here for other jobs from Kvam Herad
Kvam Herad
Helse og omsorg
SommarvikararOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera sommarvikar hos oss i sommar?
Me treng sommarvikarar i perioden 15. juni - 09. august 2026.
Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer.
Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding. Du vert invitert til opplæring i mellom anna forflytning, etikk og andre praktiske tilhøve ved å arbeida i pleie- og omsorg.
Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type teneste og avdeling du ynskjer sommarjobb i. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.
NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.
Me treng sommarvikarar på følgande stader:
> Tenester til heildøgns omsorg
– me har institusjonar som Toloheimen og Øysteseheimen og heildøgns omsorgsbustader som Tolo omsorg, Mikkjelsflaten omsorg og Strandebarm omsorg.
> Tenester til menneske med utviklingshemming
– me er organisert i tre grupper: bufellesskap Øystese, Kalhagen/ Tolo omsorg og Tolomarka omsorg og avlastning.
>Tenester til heimebuande
– me treng ferievikarar ved korttidsavdelinga på Toloheimen (KRB), Kvam heimeteneste (heimesjukepleie), natt-tenesta (som gjev tenester til heimebuande, brukarar i institusjon og menneske med utviklingshemming) eller ved dagsenteret i Øystese, som gjev aktivitetstilbod på dagtid.
Vil du vite meir om sommarjobb hos oss, sjå under Kontaktinformasjon i utlysinga og kontakt med leiar i den tenesta du ynskjer å jobba.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon eller heildøgns omsorgsbustad, korttidsavdelinga, heimebuande, på natt og til menneske med utviklingshemming
Kvalifikasjonar
Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
Vernepleiar/vernepleiarstudent
Helsefagarbeidar
Sosionom/barnevernspedagog (evt student)
Lærar (evt.student)
Barnhagelærar (evt. student)
Barne- og ungdomsarbeidar
Pleiemedarbeidar
Me prioriterer dei som:
Er over 18 år
Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid
Personar med førarkort klasse B.
NB! Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og engasjert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Likar utfordringar i arbeidet
- Møte andre menneske på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb
- Verdifull og nyttig arbeidserfaring
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Ekstra bonus til sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som forpliktar seg til arbeid i minimum 5 veker
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Company
Kvam HeradApplication deadline
15.03.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
TemporaryIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
Videregående skoleWork experience
Ikke påkrevetAddress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505981Look here for other jobs from Kvam Herad
-
Læreplass i helsearbeidarfaget
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Rektor Kvam ungdomsskule
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Sommarvikarar - Prestahagen omsorgsbustad
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar - fysioterapi- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
SOGNDAL