Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
25.08.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5840853Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 10.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Bergen kommune
Lærarvikar/ringevikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal og vil ha ca 320 elevar skuleåret 2024/25. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Vi har både båt og kano i skulen si eige. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.
Skulen er Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der dei fleste elevane har bokmål som sitt hovudmål.
På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal få opplæring i tråd med læreplan og lovverk. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik.
Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med inkluderande opplæring for elevar med stort læringspotensial. No samarbeider skulen med PPT og NLA om inkluderande fagleg- og sosial opplæring. Inkludering er vår måte å arbeide med elev- og læringssynet i LK-20, elevmedverknad og aktive og motiverte elevar som får kjenne på meistring i skule og på SFO.
Vi treng vikarar som kan gå inn i kortare eller lengre lærervikariat. Vi ønskjer fortrinnsvis vikarar som kan jobbe kvar dag, og ta lengre vikariat når nokon av lærarane er vekke frå jobb i ein periode.
Kvalifikasjoner:
- Pedagogisk utdanning, eventuelt påbegynt pedagogisk utdanning. Utdanning som kvalifiserer til tilsetting i barneskulen vert føretrekt
- Erfaring med undervisning er ein fordel
Personlige egenskaper:
- Du er ein tydelig og varm vaksen
- Du er fleksibel, og er komfortabel med skiftande arbeidsoppgåver
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Du kan forvente å få mykje undervisningserfaring, lengre vikariat, og å vere ein viktig del av skulen.
- Jobb på ein skule der det er godt å vere ny.
- Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar.
- Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette
- Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
25.08.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5840853Se her for andre jobber fra Bergen kommune
- Oppdatert 10.08.2024