• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655477
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Lærar i 100 % fast stilling på Våge skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som lærar på Våge skule.

Vi søkjer etter ein lærar som gjerne har spesialpedagogikk, norsk og praktisk- estetiske fag, men andre fagkombinasjonar kan også være aktuelt. Det er ønskjeleg at læraren kan undervise på alle trinn, men hovudsakeleg vil behovet være knytt opp mot  5-10 trinn.

Våge skule er lokalisert saman med Våge barnehage. Vi er ein 1-10 skule med omlag 50 elevar. Våge skule ligg fint til med tanke på friluftsaktivitetar, her er skog rett bak bygga, med gå avstand til både sjø og fjell. På skuleområdet er det klatrepark, sandvolleyballbane, kunstgrasbane, ballbinge og turløype. Uteområdet vårt har både tilrettelagde og naturlege utfordringar. Skulen legg vekt på å ha mykje undervisning ute i naturen.

Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette, har engasjement og initiativ, og som kan syne empati og gje god omsorg for elevane.

Kan dette vere noko som passar for deg? I så fall håper vi at du tek kontakt med oss eller sender ein søknad. 

 

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10, eller anna godkjend pedagogisk utdanning
  • Spesialpedagogikk
  • Relevant utdanning eller erfaring frå skule og barnehage   
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Vi vektlegg at personen er egna til stillinga
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Innmelding i pensjonsordning

 

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader. Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655477
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 18.06.2022