Ledig stilling

Ål Kommune

Lærarstillingar - Nedre-Ål skule

Offentlig forvaltning

Frå 1. august -25 er det ledig 2,8 faste stillingar for lærarar i Ål kommune, pt ved Nedre-Ål skule.

Grunnskule
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.  Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer. 

Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk.  Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg, i tillegg kompetanse innan norsk som andrespråk. Kontaktlærarfunksjon er aktuelt.

Skulane i Ål
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.

Nedre-Ål skule er ein barneskule 1.-7. trinn med 209 elevar og om lag 40 tilsette.  Skulen har som fokus Respekt – Ansvar – Omsorg. I dette ligg det at skulen skal vere ein trygg og forutsigbar stad for alle, der elevane blir møtt med positive forventningar og tilpassa utfordringar. Gjennom elev- og vaksenstandardane våre held vi tak i dette saman – både barn og vaksne.

Kvalifikasjonar

  • godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3
  • før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:

  • brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
  • er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt
  • ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. 
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • godt og utviklande arbeidsmiljø
  • rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
  • skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • miljørettleiarar ved skulen
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Send søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 
  • Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. 
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!