• Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    04.12.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5435435
  • Look here for other jobs from Gol kommune
  • Updated 23.11.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gol kommune

Lærarstilling med kompetanse innanfor realfag ved Gol skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein 1-10-skule med 490 elevar og ca 90 tilsette

Gol skule har ledig fast stilling innanfor realfaga på 8.-10 trinn.

Kvalifikasjonar:
Godkjent utdanning etter kapittel 14 i forskrift til Opplæringsloven.

Arbeidsoppgåver:
Faglærar innanfor matematikk og naturfag og valfag knytt opp mot realfaga.

Vi tilbyr:

• Eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning
• Eit spennande og triveleg arbeidsmiljø
• Ein organisasjon i utvikling
• Varierte arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:
Lønn etter utdanning og ansiennitet

Vi ynskjer at:
• Du er ein person med engasjement og interesse for barn og ungdom si utvikling.
• Du har evne til å inspirere og vise omsorg og er ein tydeleg vaksen med autoritative eigenskapar.
• Du har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
• Du er aktiv og fleksibel i samarbeidet med andre og vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    04.12.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5435435
  • Look here for other jobs from Gol kommune
  • Updated 23.11.2023