• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3529263
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Lærarstillingar i Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune har 21 grunnskular, fordelt på 17 barneskular og 4 ungdomsskular. I tillegg kjem vaksenopplæringa og morsmålsopplæring/ tospråkleg faglærarar. Det nye bymiljøet vekst fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er oppteken av forbetring, fellesskap og fagkompetanse. Skulane i Øygarden arbeider målretta for å skape skulekvardagar der elevane opplever meistring og lærelyst, - og samstundes ruste dei til å møta framtidas utfordringar. Utvikling av lærelyst legg til grunn livslang læring. Oppleving av meistring gjev mot til å gå laus på stadig nye utfordringar, fagleg og sosialt. Dei næraste åra vil Fagfornyinga stå sentralt. Skulane i Øygarden er vi derfor spesielt oppteke av utviklingsområde knytt til vurderingspraksis, djupnelæring, elevinvolvering og inkluderande læringsfellesskap. Det vert ledig eit uspesifisert avgrensa tal lærarstillingar for fast tilsetting og vikariat, heile stillingar og delstillingar i skulane for skuleåret 2021/22. 

Oversikt over skulane i Øygarden kommune:

Bjorøy skule: 129 elevar, 7 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 75 80.  Rektor Renathe Fagerbakke
 
Blomvåg skule:  108 elevar, 6 klassar. Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 38 24 50. Rektor Linda Haugstad.
 
Brattholmen skule: 302 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 75 00. Rektor Ingvild Blom.
 
Fjell Ungdomsskule: 506 elevar, 20 klassar. Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 55 09 77 00. Rektor Bente Kleppe Lervik. 
 
Foldnes skule: 283 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7  og SFO.
Tlf. 55 09 69 50. Rektor Ragnhild Magerøy
 
Hjelteryggen skule med spesialavdeling: 176 elevar, 8 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 79 00. Rektor Siri Håland.
 
Knappskog skule: 244 elevar, 12 klassar. Barneskule 1-7 med mottaksklasse for elevar med minoritetsspråk på barnestegetog SFO.
Tlf. 55 09 75 50. Rektor Odd Erik Kjeldstad.
 
Kolltveit skule:  253 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 31  39 30. Rektor Karin Haugen.
 
Landro skule: 278 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 78 90. Rektor Anita Vabø.
 
Rong skule: 124 elevar, 6 klassar, Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 55 09 79 81. Rektor Ingunn Bente Lie.
 
Skogsvåg skule: 232 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO
Tel. 56 32 77 30. Rektor Lena Fjeldstad.
 
Skålevik skule:  138 elevar, 6 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 77 90. Rektor Lisbeth Hjelle.
 
Spildepollen skule: 215 elevar, 12 klassar. Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 32 77 00. Rektor Linda Selheim.
 
Stranda skule: 367 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 32 77 40. Rektor Svein-Ove Hammersland.
     
Sund Ungdomsskule: 319 elevar, 12 klassar. Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 56 32 77 50. Rektor Sølvi Bjorøy.
 
Tjeldstø skule: 72 elevar, 4 klassar. Fådelt barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 38 55 00. Linda Færestrand.
 
Toftøy skule: 148 elevar, 8 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 38 55 50. Rekor Arne Petter Solberg.
 
Tranevågen ungdomsskule: 405 elevar, 17 klassar. Ungdomsskule
8-10 med mottaksklasse for elevar med minoritetsspråk på ungdomssteget.
Tlf. 55 09 73 91. Rektor Rune Golf.
 
Ulveset skule:  224 elevar, 14 klassar. Barneskule 1-7 og SFO,
Tlf. 56 31 29 30. Rektor Cecilie Dahl.
 
Øygarden ungdomsskule: 195 elevar, 9 klassar. Ungdomsskule 8-10.
Tlf. 56 38 77 25. Rektor Tore Foldnes.
 
Ågotnes skule: 318 elevar, 16 klassar. Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 78 00. Rektor Dagfinn Ellingsen.
 
Morsmålslærar/Tospråkleg faglærarar ved dei ulike skulane.
Tlf. 913 93 039. Anne Swensson

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på alle trinn i grunnskulen

Kvalifikasjonar  

  • Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn eller 5.-10.trinn
  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
  • Annan godkjent lærarutdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Stillingane må til saman dekka alle fag på barne- og ungdomssteget

Krav til pedagogisk utdanning for tilsetting og undervisning følgjer forskrift til opplæringslova kapittel 14.

Lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava, 30 studiepoeng i norsk, engelsk og matematikk for å undervise på barnetrinnet og 60 studiepoeng ungdomstrinnet, må innan 2025 ta vidareutdanning for å  kunne få undervisa i desse faga.

Ønskjelege med 

  • Morsmålslærarar i ulike språk
  • Kompetanse i -og erfaring med digital undervisning
  • Teiknspråkkompetanse min. 30 stp 

Vi ønskjer oss lærarar som

  • Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling.
  • Vil bidra til eit godt læringsmiljø.
  • Kan påta seg kontaktlærarfunksjonen
  • Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
  • Er tydelege vaksne, løysningsorienterte og utviklingsorienterte
  • Er fleksible og har gode samarbeidsevne
  • Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3529263
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 02.03.2021