Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5264, GARNES
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
5078224Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Bergen kommune
Lærarstillingar, Garnes skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal og vil ha ca 310 elevar skuleåret 2023/24. Det er om lag 50 tilsette på skulen og vi har eit triveleg, ope og inkluderande arbeidsmiljø.
Skulen er sertifisert som Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring.
På Garnes skule jobbar vi målretta saman for å utvikle profesjonsfellesskap som samarbeider for at elevane skal få tilpassa opplæring og medverking på eigen opplæringssituasjon. Garnes skule er ein nynorskskule, der dei fleste elevane skriv bokmål.
Neste skuleår har vi ledig inntil tre årsvikariat, potensielt eit halvårsvikariat for nokre av våre dyktige lærarar som har permisjon for å studere eller ta vare på eigen familie. Vi har spesielt behov for lærarar på 1.-4. trinn. Vi gler oss til å bli kjent med nye kollegaer!
Kvalifikasjoner:
- Utdanning som kvalifiserer til fast tilsetting i barneskulen, 1-7 kompetanse vert føretrekt
- Fagønske: Spesialpedagogikk, norsk, matematikk
- Fint om du kan skrive nynorsk. Viss ikkje, er vi mange som kan bidra
- Erfaring frå arbeid i fleksible areal er ein fordel
Personlige egenskaper:
- Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring er i fokus
- Du er ein tydelig og trygg vaksen
- Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
- Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
- Du reflekterer over praksisen din, vala du tek og kan diskutere dei med andre
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Du trivst godt med å jobbe i team
Vi tilbyr:
- Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver.
- Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette
- Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
- IA-bedrift og gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse
Bedrift
Bergen kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5264, GARNES
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
5078224Se her for andre jobber fra Bergen kommune