• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    5
  • karriere-kode
    3767748
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 26.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Lærarstillingar frå 01.08.2021

Offentlige tjenester og forvaltning

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i
oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.

Lærarstillingar frå 01.08.2021


Har du undervisningskompetanse i norsk og/eller engelsk, eller brenn for å arbeide med elevar som treng noko ekstra?

Me søker

Det er ledig eit tal årsvikariat/faste stillingar ved:

- Nedre-Ål skule
- Ål ungdomsskule

Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk og engelsk, samt kompetanse innan digitale løysingar i skulen. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov og diagnosar er ønskeleg. Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillingane.

Betre læring er vår lokale oppvekstplan, der tett og tidleg på og auka læringsutbytt er viktige mål. Skulane deltek i det regionale prosjektet "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Dei siste åra er det arbeidd med ei stor IKT-satsing og det digitale klasserommet i fagfornyinga er sentralt med bl.a. programmering og skaparverkstader.

Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i og kva skule du søkjer stilling ved.

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og
14-3.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- du trivst i ein digital kvardag.
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har engasjement for elevar med spesielle behov

Me tilbyr

- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til bustad

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju vert fortløpande gjennomført i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

Kontakt:

  • Anne Marie Stokkedal, rektor Ål ungdomsskule, eAnne.Stokkedal@aal.kommune.no, m918 77 055 a32 08 54 31
  • Ellen Agnes Bjerkhoel Ellingsgard, rektor Nedre-Ål skule, eellen.ellingsgard@aal.kommune.no, m958 98 650 a32 08 54 16

SØKNADSFRIST 10. MAI 2021

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Stillingsfunksjon
    Undervisning
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    5
  • karriere-kode
    3767748
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 26.04.2021