Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5197623Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Lærarstillingar barneskular i Øygarden kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune har 20 grunnskular, fordelt på 16 barneskular og 4 ungdomsskular. I tillegg kjem vaksenopplæringa og morsmålsopplæring/ tospråkleg faglærarar.
Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er oppteken av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.
Skulane i Øygarden arbeider målretta for å skape skulekvardagar der elevane opplever meistring og lærelyst, - og samstundes ruste dei til å møta framtidas utfordringar. Utvikling av lærelyst legg til grunn livslang læring. Oppleving av meistring gjev mot til å gå laus på stadig nye utfordringar, fagleg og sosialt.
Dei næraste åra vil Fagfornyinga stå sentralt. Skulane i Øygarden er vi derfor spesielt oppteke av utviklingsområde knytt til vurderingspraksis, djupnelæring, elevinvolvering og inkluderande læringsfellesskap.
Vi har ledig fleire lærarstillingar på barnetrinnet (1. – 7. klasse) for fast tilsetting og vikariat, heile stillingar og delstillingar i skulane for skuleåret 2023/24.
Skular med ledige stillingar (andre skular kan kome til):
Brattholmen skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 75 00. Rektor Ingvild Blom.
Foldnes skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 69 50. Rektor Ragnhild Magerøy
Tlf. 56 12 25 02. Rektor Linda Selheim.
Stranda skule: Barneskule 1-7 og SFO
Tlf. 56 12 25 42 . Rektor Christel L. Brown.
Tjeldstø skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 56 38 55 00. Rektor Linda Færestrand.
Ulveset skule: Barneskule 1-7 og SFO,
Tlf. 56 31 29 30. Rektor Cecilie Dahl.
Ågotnes skule: Barneskule 1-7 og SFO.
Tlf. 55 09 78 00. Rektor Tore Foldnes.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 1. – 7. trinn
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn eller 5.-10.trinn
- Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
- Bachelorutdanning innan relevant fagområde eller annan godkjent lærarutdanning kan vurderast
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Kompetanse i -og erfaring med digital undervisning
Krav til pedagogisk utdanning for tilsetting og undervisning følgjer forskrift til opplæringslova kapittel 14.
Vi ønskjer oss lærarar som
- Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling
- Vil bidra til eit godt læringsmiljø
- Kan påta seg kontaktlærarfunksjonen
- Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
- Er gode klasseleiarar
- Er fleksible og har gode samarbeidsevne
- Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5197623Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Undervisningsinspektør - 100% fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Fagarbeidar/assistent x 5 i inntil 50% fast stilling, Brattholmen skule
Øygarden kommune
RONG -
Avdelingsleiar 100 % fast – Toftøy skule
Øygarden kommune
STRAUME -
Undervisningsinspektør - 100% fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Helsefagarbeidar/spl.student/assistent til 13% og 17% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume